- God løysing

Del saken

Fiskebåtredernes Forbund meiner at prøveordninga med markeringsblåser i makrellfisket er ei god løysing.

Bruk av dei omstridde blåsene på makrellnota blir ei prøveordning i år, og dermed vil makrellfisket i år, gå føre seg etter dei same reglane som i fjor.

Dette er resultatet av drøftingar mellom fiskarar/fiskebåtreiarar og Fiskeridirektoratet dei siste dagane.

Les også: Prøveordning med markeringsblåser 23.08.2010

- Løysinga er god, sidan 2010 no kan brukast til å skaffe oss erfaringar med blåser.

Det seier administrerande direktør i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt), Audun Maråk, i ei pressemelding.

Bruken av blåser skal evaluerast etter 2010-sesongen, før det eventuelt kjem på plass eit nytt regelverk.