Kjøper ikkje færøysk makrellfangst

Skottland: Fresh Catch i Peterhead stoggar kjøp av makrell frå færøyske fartøy.

Les også: Boikotten effektiv også i EU 06.08.2010
Les også: Blokade av Island og Færøyene 05.07.2010

Anlegget Fresh Catch i Skottland vil frå no av ikkje kjøpe makrellfangstar frå færøyske og islandske fartøy, melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

– Anlegget er dermed på line med resten av næringa i EU, og med den norske næringa og norske styresmakter.

Det seier administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk, etter at representantar for norsk fiskerinæring hadde eit møte med eigaren av Fresh Catch.

Møtet var halde i Trondheim onsdag 18. august, i samband med fiskerimessa Nor-Fishing som vart arrangert i byen i tidsrommet 17. - 20. august 2010. Fresh Catch opplyste at dei ikkje vil kjøpe færøysk eller islandsk makrell, så lenge makrellstriden ikkje er løyst. Anlegget vil vurdere situasjonen på nytt etter nye forhandlingsrundar i haust, seier Maråk.

Han opplyser at den norske flåten etter dette, vil halde seg normalt til Fresh Catch, og at bedrifta vil vere ein del av flåtens utbodsområde, der det er naturleg.

– Løysinga er positiv for alle partar. Den gagnar alle næringsaktørane i EU og Norge, ikkje minst Fresh Catch som no er i same posisjon som alle andre aktørar i næringa i Noreg og EU, uttaler Maråk.

Dersom Fresh Catch hadde halde fram med kjøp frå færøyske og islandske fartøy, kunne konsekvensen blitt stopp i leveransar frå norske fartøy.

«Jupiter» måtte snu

Det færøyske fartøyet Jupiter gjekk 17. august frå Fresh Catch-anlegget i Peterhead utan å ha fått lossa makrellfangsten, etter at skotske fiskarar blokkerte kaia ved mottaksanlegget.