TRONDHEIM: Etter opning av Nor-Fishing, opna kong Harald også nettsida for den nye Artsdatabasen for fisk.
Då den nye sida for artsobservasjonar av fisk vart opna av kong Harald tysdag 17. august, låg det alt inne eit førtitals interessante fiskefunn. På sikt kan rapporteringstenesta bidra med nyttig informasjon om utbreiing, mengd og endringar i fiskefaunaen langs kysten, melder Havforskingsinstituttet.
Kong Harald trykte på knappen, og med det vart den nye nettsida offisielt opna. Men det var ikkje blanke ark som møtte kongen og resten av følgjet hans.
Dei ivrigaste brukarane av Artsdatabanken sine eksisterande rapporteringstenester hadde fått med seg at det no er råd å melda inn fiskefunn, og hadde tjuvstarta. Dei har rapportert om blant anna St. Petersfisk, havål og svartflabb (eigen breiflabbart med svart bukhinne, relativt sjeldan hos oss). Havforskingsinstituttet har alt sikra seg nokre av eksemplara til nærare undersøking.
Rapporteringstenesta for fugl, som Artsdatabanken har drive nokre år, har alt overstige fire millionar innrapporteringar. Fiskeobservasjonane når neppe same omfang, men etter kvart er det venta hundretusenvis av observasjonar kvart år. Det er Havforskingsinstituttet som kvalitetssikrar observasjonane for marine artar, anadrom og katadrom fisk.
Brukarane registrerer seg på artsobservasjoner.no/fisk, og legg inn ei rekkje opplysningar om fangsten: Art, storleik, stad for fangsten og foto om det finst. Kvar brukar får ein konto for sine observasjonar som fungerer som ei slags fangstdagbok, opplyser Havforskingsinstituttet.
Nettsida for fiskeobservasjonar, er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Artsdatabanken og Norsk Zoologisk Foreining (ferskvassfisk).
Fakta om Artsdatabasen for fisk
Havforskingsinstituttet, Artsdatabanken og Norsk Zoologisk Forening samarbeider om ei nettside for artsobservasjonar av fisk. Publikum vert oppmoda om å rapportera alle sine fiskefangstar, spesielt uvanlege artar som dei ikkje får kvar dag. Observasjonane vert kvalitetssikra av Havforskingsinstituttet (marine artar, anadrom og katadrom fisk) og Norsk Zoologisk Foreining (ferskvassfisk). Den kunnskapen forskarane tileignar seg frå artsfunna vil bli presentert ut igjen til publikum.
For å bidra: Registrer deg på artsobservasjoner.no/fisk/. Her får du også framgangsmåte og tips for korleis du skal rapportera funna dine og korleis du kan nytta data som alt ligg på sida.
Kjelde: Havforskingsinstituttet