Småhyse og øyepål dominerer

Økosystemtoktet: Så langt er det småhyse og øyepål som dominerer botntrålfangstane på «G.O. Sars».

Småhysa står også delvis pelagisk. Stor torsk har det vore lite av på dei sørlege stasjonane, men torsken dominerer i 0-gruppe fangstane. Over halvparten av 0-gruppe torsken vart teken i det siste halet øst for Nordkappbanken.

Av Jostein Røttingen, toktleder på «G.O. Sars» Havforskingsinstituttet

Stasjonsarbeidet starta 12 nautiske mil vest av Ingøya, og dei 5 fyrste stasjonane våre var langs Finnmarkskysten. Me fortsette vidare austover til 34o09’E, og har etterpå gått vest- og austkursar fram til noverande posisjon (72o26’N, 28o35’E). 16 av dei til saman 83 faste stasjonane er unnagjorde. I tillegg har me tatt 3 pelagiske trålhal på registrering.

Om bord på "G.O. Sars" er eit mannskap på 15 og 10 toktdeltakarar frå Havforskingsinstituttet. To kvalobservatørar og fem gjester er og med. To av gjestene kjem frå University of Akron i Ohio, USA. Ein kjem frå Institute of Oceanology i Moskva, ei frå Murmansk marine biological institute. Den siste gjesten kjem frå Universitetet i Tromsø.

Les også: Formidabel utbredelse av makrell 09.08.2010
Les også: – Makrellen «koker» i Norskehavet 26.07.2010

Hyse og øyepål i botntrålfangstane

I botntrålfangstane har småhyse og øyepål dominert så langt. Småhysa står og delvis pelagisk. Torsk har det vore lite av her på dei sørlege stasjonane.

Torsken dominerer i 0-gruppefangstane

I alle dei 16 0-gruppehala så langt, og i to pelagiske trålhal på registrering, har det vore fangst av 0-gruppe torsk, totalt 81 268 individ. Over halvparten, det vil seia 200 kg og 44000 individ fekk me i det siste halet i posisjon 72o26’N, 28 o35’E.

0-gruppe lodde har vore representert i 13 0-gruppehal og i eitt pelagisk trålhal på registrering, totalt 25296 individ.

Som ein god nummer tre kjem 0-gruppe silda, som har vore representert i 12 av 16 0-gruppehal, totalt 20615 individ. 0-gruppe uer er så langt representert i 10 hal, totalt 8018 individ. Talet på 0-gruppe hyse er 1437, og 0-gruppe sei 1300.

I fleire av dei pelagiske trålhala dominerar småhyse (20-25 cm) i fangstane. I eit trålhal vest av Ingøya var det litt feitsild (70 prosent av 2006-årsklassen). I eit hal nordaust av Slettnes var det sild av 2009-årsklassen og i eit hal i NV-kanten av Skolpenbanken var det 68 kg lodde av 2009-årsklassen.

Små og store dyr

Utfordringane kan vera store anten det gjeld å fastsetja kva type kval eller delfin som blir observert på lang avstand, eller å finna rett namn på plankton og benthos. 11 finnkvalar, 3 vågekvalar og 23 springarar (kvitnos) er førebels status for dei to kvalobservatørane våre: Gunnar Richardsen og Thomas Sivertsen.

Julio Erices og Laura Rey finn dei rette namna på det som kjem opp av småkryp i WPII og MOCNESS. Status etter 31 WPII-håvtrekk og 4 MOCNESS, er at det har vore varierande mengder av dyreplankton, med Calanus Finmarchicus som den dominerande arten. Amfipodar, Chaetognatha sp., Calanus hyperboreus og Pareuchaeta sp. er også representerte, men i mindre mengder. Thysanoessa inermis dominerer blant krillartane, med Thysanoessa longicaudata og Meganyctiphanes norvegica som dei nest mest talrike.

Olga Zimina frå Murmansk marine biological institute tek seg av artsfastsetjing av botndyrartane som sorterer under benthosgruppa.

Frå Ohio til Barentshavet

Føremålet med prosjektet til dei to forskarane frå University of Akron og forskaren frå Shirshov Institute of Oceanology i Moskva, er å studera trofiske interaksjonar mellom planteplankton og dyreplankton. Dei ser og på utbreiing og bestandsstorleik av mikroalgar.

Samlar inn skater

Arve Lynghammar er stipendiat ved Institutt for arktisk og marin biologi ved Universitetet i Tromsø (UiT), og skal samla inn skater til prosjektet sitt. Det same skal dei gjera både på ”Jan Mayen” og ”Johan Hjort”. I byte mot dette går Lynghammar vakt som prøvetakar, og er glad for å vera med på tokt. Han tek og blodprøvar av ulike artar, som skal brukast i eit prosjekt for å kartleggja kva artar som har mest aktive antifryseproteinar. Vidare skal han samla polartorsk til Svein-Erik Fevolden ved UiT, samt finneprøvar av blåkveite og gapeflyndre til rettleiaren sin Jørgen Schou Christiansen (UiT).

Arve Lynghammar skal også samla ulike fiskeartar til faget «Fiskens biologi» ved UiT, der han skal undervisa like etter toktet.

I tillegg til standard prøvetaking av botnfisk og pelagisk fisk, vert det samla inn og frose fisk og reker til ulike føremål både på Havforskingsinstituttet og andre institusjonar.