– Stadfestar dei norske standpunkta

Det gode makrellfisket i haust, stadfestar at Noreg har innteke eit korrekt standpunkt i forhandlingane om makrell, meiner Fiskebåtredernes Forbund.

– Makrellfisket til no i haust, viser at makrellen, som venta, står tungt i norsk sone. Det er spesielt positivt med det gode fisket nord for 62-graden, seier administrerande direktør i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt), Audun Maråk til forbundet sine nettsider.

– Fisket stadfestar at dei norske standpunkta i dei internasjonale forhandlingane er korrekte. Det er uaktuelt for Noreg å ein godta ein redusert part av makrellkvoten, seier Maråk.

Mange medieoppslag på Færøyane

Maråk understreka dette standpunktet då han sist veke var blant hovudinnleiarane på konferansen «Det Pelagiske Kompleks» på Færøyane.

Innlegget frå Maråk, resulterte i store oppslag i media på Færøyane, og han var intervjua både på tv, i radio og fleire aviser, opplyser Fiskebåt

Les også: Fiskerikonferanse preget av konflikt 13.09.2010

– Ikkje salderingspost

På konferansen understreka Maråk sterkt at Noreg ikkje vil akseptere å bli ein salderingspost i dei internasjonale forhandlingane om makrellfordeling.

– Det er uaktuelt å gi frå seg delar til Island og Færøyane, sa Maråk, som synte til at også Noreg, i tidlegare forhandlingar, har kravd ein større part av makrellkvoten.

Maråk fortel at eit viktig inntrykk frå konferansen, er at den færøyske makrellnæringa ønskjer dialog og er meir interessert i eit realistisk kompromiss i makrellstriden, enn det politikarane på Færøyane har vore til no.

– Vonleg er dette i ferd med å endre seg, seier Maråk.

Rosar norske fiskarar og flåten

Maråk rosar innsatsen til dei norske fiskarane og makrellflåten no i haust.

– Fisket starta tidlegare enn vanleg i haust og det er spesielt positivt med det gode fisket i norsk økonomisk sone nord for 62-graden, fortel Maråk.

– Makrellbestanden ser ut til å vere i svært god forfatning, kanskje betre enn det forskarane tidlegare har vurdert den til å vere, seier Fiskebåtdirektør Audun Maråk.