Stor eksport av makrell

ÅLESUND: Fredag 17. september kom skipet «EM Chios» til Ålesund for å hente 300 containarar med makrell og annan fisk.

Maersk-båten «EM Chios» vert liggande i Ålesund i tre dagar for å laste om bord fisk, melder NRK Møre og Romsdal.

Det meste av lasta er makrell som skal til Aust-Asia, Tyrkia og Aust-Afrika. Det er Bring Østersjøisk avdeling som fyller skipet med makrell.

– I dag kom det desidert største containerskipet som nokon gong har vore ved kai i Noreg til Ålesund. Årsaka er det enorme volumet med makrell som blir fiska rett utan for kysten her no, seier Tore Kultorp, salssjef for fisk i Bring Cargo, til NRK

– Bedriftene i området produserer så mykje fisk kvar dag, at ein nesten ikkje skulle tru det var mogleg, seier Kultorp.

Etter eit dårleg makrellfiske i 2009, har utviklinga vore langt betre i år. I fjor stod mykje av makrellen i EU-sona, samstundes som norske fiskarar vart nekta tilgjenge dit. Noko av makrellkvoten vart ikkje fiska opp i fjor, og vart flytta over frå 2009 til 2010.

Med ekstra stor kvote i 2010, samstundes som mykje av makrellen i år står i norsk sone, så er utviklinga heilt annleis i år. Fish.no omtala sist måndag at det er fiska 134.900 tonn makrell til no i haust, medan det til same tid i fjor var fiska 48.200 tonn.

Les også: Fiskets gang uke 36 13.09.2010

– Kundane i det fjerne austen er veldig kjøpevillige. Med den store kvoten som er i år, så blir det ekstremt store volum, seier Kultorp, til NRK.

Sjå reportasje hos NRK