EU med nye krav til fangstsertifikat

EU-kommisjonen har i sommar gjort innstrammingar i ordninga med fangstsertifikat overfor tredjeland.

I tillegg til opplysningar om produktvekt, vil EU krevje at også landa vekt vert oppgitt. Dersom ei sending til EU er sett saman av fisk frå fleire landingar, skal ein opplyse om kor mykje av den landa fisken som har gått inn i produksjonen av denne sendinga.

Det melder Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) på sine nettsider. FHL vart invitert til møte med Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) og Fiskeridirektoratet den 16. september, for å bli orientert om status i denne saka.

FKD står fast på at det er forhandla fram ein avtale mellom Noreg og EU-kommisjonen som regulerer norsk gjennomføring av EU-forordninga om fangstsertifikat. I denne avtalen ligg det at EU aksepterer det norske kontrollsystemet og norske fangstsertifikat basert på godkjende sluttsetlar.

Det nye kravet frå EU, som inneber at ein skal opplyse om faktisk brukt vekt av kvar sluttsetel, er difor ikkje akseptert av norske styresmakter, og er heller ikkje innført som eit krav for å skrive ut norske fangstsertifikat.

– Ikkje for å hindre handel med Noreg

Norske styresmakter har hatt høg aktivitet på ulikt nivå etter at dei nye krava frå EU vart kjende. Det har på embetsverksnivå vore møter med IUU-arbeidsgruppa i kommisjonen. Der har Kommisjonen understreka at innstramminga ikkje er gjort med sikte på å hindre handel med Noreg.

Frå norsk side er det kravd at ein må etablere unntaksordningar, som sikrar handelen med Noreg. Det har og vore møter på politisk nivå ved statssekretær Vidar Ulriksen der den same bodskapen er presentert, opplyser FHL.

EU-kommisjonen har i skriv til alle medlemsland bedd om at ein etter 15. august ikkje skal akseptere import av fiskeprodukt som ikkje har korrekt oppgitt produktvekt og landa vekt.

Medlemslanda vert bedne om å utføre verifikasjon på fangstsertifikat der det er for stor skilnad mellom produktvekt og landa vekt. Det er førebels få tilbakemeldingar om at land /grensestasjonar praktiserar denne nye ordninga strengt. Men det har vore nokre døme på seinsommaren der det har vore problem med å få norske varer inn i EU.

I dei tilfelle der det har vore problem med innførselen, har Fiskeridirektoratet teke kontakt med det aktuelle medlemslandet for å verifisere sendinga, og for å klargjere korleis det norske systemet fungerer. Tilbakemeldinga til FHL, frå Fiskeridirektoratet, er at dersom bedrifter har problem med å få godkjend norske fangstsertifikat, vil direktoratet på svært kort varsel kunne hjelpe bedriftene med å stadfeste at fangstsertifikatet er godkjend av norske styresmakter. Det vert også vist til uformell kontakt med svenske styresmakter, som førebels ikkje kjem til å endre praksis.

– Må vurdere WTO-sak dersom Noreg ikkje får unntak

Norske styresmakter held fast på at dei har ei klar målsetjing om at EU må gjere eit unntak for norske fangstsertifikat når det gjeld det nye kravet om vekt. Det er planlagt nye møter med Kommisjonen i nær framtid.

FHL støttar sjølvsagt dette arbeidet, opplyser FHL, som vidare fortel at organisasjonen òg har signalisert til FKD, at dersom ikkje Noreg får gjennomslag for eit krav om unntak, må ein vurdere ei WTO-sak mot EU.

Så lenge EU ikkje har tilsvarande kontroll- og sporingskrav til eigen fangst og industri, er denne ordninga i strid med viktige handelspolitiske prinsipp i WTO sitt regelverk, meiner FHL.