Drøftar reduksjon av utkast

Reduksjon av utkast av fisk står på dagsorden på eit ministermøte i Aberdeen.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen deltek fredag 1. oktober på ein ministerkonferanse i Aberdeen.

Korleis redusere utkast av fisk

Her møtest ministrar frå land rundt Nordsjøen for å drøfte fiskeriforvaltning. Det er den skotske fiskeriministeren Richard Lockhead som har teke initiativet til konferansen.

– Eg ser fram til å delta på denne viktige konferansen. Sjølv om forskarane har komme med ein del positive signal om bestandane i Nordsjøen, har vi framleis utfordringar. Det gjeld mellom anna torskebestanden, seier Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

– Hovudsaka på konferansen, er kva vi kan gjere for å redusere utkast av fisk og dermed oppnå ei meir berekraftig forvaltning, seier Berg-Hansen.

– Eg håper vi kan bli einige om ei felles tilnærming til dette, seier Berg-Hansen.

EU sin felles fiskeripolitikk

EU reviderer no den felles fiskeripolitikken sin, og dette vil også bli drøfta.

– Noreg og EU deler fiskebestandane i Nordsjøen og har eit felles ansvar og ei plikt til å samarbeide om forvaltninga. Derfor er revisjonen EUs fiskeripolitikk viktig også for oss, og eg er glad for at dei ønskjer våre synspunkt, seier Berg-Hansen.

Mellom dei som deltek er ministrane frå Noreg, Skottland, Storbritannia, Irland og Danmark. Alle desse er viktige fiskerinasjonar. I tillegg deltek EU sin fiskerikommissær Maria Damanaki.

Konferansen gir høve til å møte sentrale personar rett før viktige fiskeriforhandlingar startar. Det vil også vere naturleg å drøfte spørsmålet om forvaltninga av makrell, vert det opplyst i meldinga.