Samarbeid skal gje betre sjøkart

Del saken

Med den integrerte GIS-løysinga SINMAT skal Kystverket tilby eit heilskapleg automatisert system for produksjon av navigasjonsdata til sjøkart.

I påvente av at dette systemet skal kome på plass, har Kystverket og Statens kartverk Sjø i samarbeid utvikla ei delvis digitalisert mellomløysing som no er teken i bruk, melder Kystverket.

Les også: SINMAT skal gi økt sjøsikkerhet 23.08.2010

INMAT i påvente av SINMAT

INMAT-prosjektet er eit mangeårig samarbeidsprosjekt mellom Kystverket og Statens kartverk Sjø, for å automatisere registreringa og overføringa av geodata som skal inn i sjøkarta. Resultatet av INMAT-prosjektet er ei ordning som vert kalla "mellomløysinga", som skal vere i funksjon fram til den heilautomatiserte SINMAT-løysinga er etablert.

– Det vi har no er ei mellomløysing mellom den tidlegare papirbaserte dataproduksjonen og den komande fullautomatiserte geodataproduksjonen (SINMAT). Det vil seie at vi no har ei delvis digitalisert måling av posisjonar og skjerming av fyr og lykter, som krev manuell registrering og arbeid med data, som så vert digitalt overført til Statens kartverk Sjø, fortel Kystverket sin prosjektleiar, Petter Jørgen Andersen.

– Når SINMAT er operativ vil heile denne prosessen vere digitalisert og automatisert, seier Andersen.

- Behov for effektivisering

Kvart forlis og kvar grunnstøyting er med på å aktualiserte den prosessen som har foregått i INMAT-prosjektet, og som altså har resultert i denne mellomløysinga og den komande SINMAT-løysinga, meiner Kystverket.

– Kystverket jobbar for at sjøvegen skal vere trygg å ferdast på. Vi vil unngå at kommunikasjonssvikt og svikt i rutiner skal resultere i usikkerheit – og i verste fall ulykker. Kystverket ser kontinuerleg på betringsmoglegheiter i det vi foretek oss, noko INMAT-prosjektet er eit døme på. I INMAT har vi, saman med Statens kartverk Sjø, gått grundig til verks og funne løysingar som skal bidra til at sjøferdsla blir enda tryggare, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Mellomløysinga vil mellom anna gje ein hurtigare flyt av data og med det meir oppdaterte sjøkart, og betre konsistens mellom informasjon hjå dataeigar Kystverket og det som endar opp i kartet.

– Det har vore spanande å medverka i eit slikt tiltak for effektivisering og auka samhandling. Dette handlar ikkje berre om å utvikle eit felles fagsystem, men faktisk mest om å klarlegge roller og ansvar gjennom å kartlegge prosessar og utvikle gode dokumenterte rutinar. Løysinga som har blitt utvikla bidreg til at ein ser eigne oppgaver i ein samanheng der vi tek ansvar for heile verdikjeda, frå "gutta" på fyret og heilt ut til styrmenn som planlegg sikker seglas med oppdaterte sjøkart. Det er eit veldig godt eksempel på verdien av samhandling på tvers i offentleg sektor. Derfor handlar dette eigentleg mest om verksemdsutvikling på tvers av to organisasjonar, som begge er retta mot auka tryggleik på sjøen, seier kvalitetssjef hos Statens kartverk Sjø, Trond Skyseth.

Kvalitetsrevisjon av mellomløysinga

Som ei avslutning av INMAT-prosjektet blei det nyleg gjennomført ein intern kvalitetsrevisjon av produksjonen knytt til prosedyrene i mellomløysinga. Kvalitetsrevisjonen omfatta ei kontrollskjerming av Kalsnesklubben lykt i Nordland.

– Hensikta med revisjonen er å avdekke vidare utviklingsmoglegheiter i prosedyrane. Kvalitetsrevisjonen dekkjer heile kjeda frå den fysiske målinga og skjerminga av lykta, til den oppdaterte informasjonen er registrert på kartet. Vi har følgd prosessane heilt frå då mannskapet på kystverkfartyet "Trænen" og skjermar Steinar Hanssen frå Kystverket Nordland gjorde målingane av lykta, til arbeidetet med dei innhenta data hjå Kystverkets senter for farled, fyr og merke ved Kystverket Midt-Norge. Deretter blei informasjonen overførd til Statens kartverk Sjø, der revisjonen held fram i deira regi, fortel Kystverkets stabsdirektør for tilsyn, revisjon og kvalitet, John Arnfinn Bjørge, som leia Kystverket sin del av denne kvalitetsrevisjonen.

– Noko betringspotensiale blei avdekt, og det var jo derfor vi gjorde kvalitetsrevisjonen, men alt i alt må vi seie oss godt nøgde med prosessane som no utgjer denne mellomløysinga, seier Bjørge.

Les også: Skal synkronisere Chayka og Loran C 01.10.2010
Les også: Lanserer Print on Demand-tjeneste 29.09.2010