Støttar kritikken mot helikopterkonsept

Del saken

Arkivfoto av ringnotfartøyet MS «Manon». Foto: Fiskebåt
Arkivbilde: Arkivfoto av ringnotfartøyet MS «Manon». Foto: Fiskebåt

Fiskebåtredernes Forbund støttar kritikken frå Sjømannsforbundet mot det nye konseptet for redningshelikopter, som Justis- og politidepartementet har lagt fram.

Les også: - Flerbrukskonseptet blir en farse 01.10.2010

Avdelingsleiar Tor Are Vaskinn i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt), som er medlem i Brukarforumet for redningshelikopter, reagerer sterkt på at eit nytt konsept blir presentert utan at det er diskutert i brukarforumet.

Fiskebåt meiner at dei opphavlege kapasitetskrava må leggast til grunn og at lettare maskiner med mindre kapasitet er ei dårleg løysing.

Fiskebåtredernes Forbund støttar kritikken frå Sjømannsforbundet mot det nye konseptet for redningshelikopter, som Justisdepartementet har lagt fram. Avdelingsleiar Tor Are Vaskinn i Fiskebåt, som er medlem i Brukarforumet for redningshelikopter, reagerer sterkt på at eit nytt konsept blir presentert utan at det er diskutert i brukarforumet.

Tidlegare har også Norges Fiskarlag slutta seg til kritikken mot framlegget frå regjeringa.

Les også: - Uakseptable helikopterkriterier 01.10.2010