Vidarefører garantiavtalar

Del saken

STATSBUDSJETTET: Regjeringa vidarefører garantiavtalar til fiskerinæringa eitt år til.

Regjeringa foreslår å vidareføre garantiavtalane som Innovasjon Noreg gjorde i 2009 med Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag i eitt år til, slik at avtalane tek slutt seinast 31. desember 2011.

- Avtalane har vore eit viktig bidrag til å halde fisket i gang, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Skal dempe verknadane etter finanskrisa

Garantiavtalane mellom Innovasjon Noreg og Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag kom i stand i 2009, og er ei mellombels ordning som skal medverke til å dempe verknadene av finanskrisa i fiskerinæringa.

Regjeringa vurderer det slik at det er behov for forlenga og utvida kredittar til deler av fiskeindustrien i 2011. Sjølv om verknadene av den globale finanskrisa har vorte mindre, er det framleis usikkert korleis den økonomiske utviklinga blir i viktige marknader for norsk sjømat. Men lågare minsteprisar og ein forsiktig oppgang i eksportprisane har gitt fiskeindustrien eit betre grunnlag for å kunne byggje opp att nødvendig soliditet.

Ved å vidareføre garantiavtalane i 2011 får fiskeindustrien tid til å tilpasse seg endra marknadsforhold og få på plass tilstrekkeleg kommersiell finansiering for å erstatte garanterte lån.

Samtidig foreslår regjeringa at garantiavtalerammene blir tilpassa noko for å ta høgde for realiserte tap innanfor avtalane i 2009 og 2010.
 

Stilling ledig