Berg-Hansen besøkjer Kina

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen besøkjer Kina i perioden 11. til 15. oktober.

På programmet for besøket står politiske samtaler i Beijing og seminar og møte under «Sjømat- og fiskeriveka» på den norske paviljongen på Expo 2010 i Shanghai.

Vårt største marked i Asia for fisk

Kina og Noreg er land med lange fiskeri- og sjømattradisjonar og begge er leiande eksportørar av sjømat. Kina er også ein stadig viktigare marknad for norsk sjømat. I 2008 var eksporten av norsk fisk til Kina på 82.000 tonn til ein verdi av 1,1 mrd kroner. I 2009 vart det eksportert 130.000 tonn til ein verdi av 1,6 mrd kroner. Eksportverdien for 2010 passerer truleg 2 mrd kroner og ein ventar framleis vekst i den kinesiske marknaden. Kina har for første gang passert Japan som den viktigaste marknaden for norsk fisk i Asia no i 2010.

– Laksen har fått innpass i sterke kinesiske mattradisjonar. I ei undersøking blant over 2000 menneske i Kina svarte 60 prosent at dei assosierer Noreg med laks og sjømat. Kina og Hong Kong har raskt blitt ein av dei viktigaste marknadene for norsk laks, og eg trur at desse marknadene framover vil vise interesse for andre norske sjømatprodukt, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

– Noreg har eit godt forvaltnings- og forskingssamarbeid med Kina innan fiskeri, havbruk og sjømat. Dette samarbeidet starta med at Noreg finansierte eit havforskingsfartøy og opplæring i ressursforsking i Kina tidleg på 1980-talet, det såkalla Bei Dou-prosjektet. På ”Sjømat- og fiskeriveka” på Expo arrangerer vi seminar og møte for å forsterke dette samarbeidet ytterlegare, seier fiskeri- og kystministeren.

Skal drøfte fiskeri- og havbruksspørsmål

Under besøket til Kina skal fiskeri- og kystministeren ha politiske samtaler i Beijing med den kinesiske viseministeren for fiskeri- og havbruksspørsmål. Tema for samtalen blir det bilaterale samarbeidet under fiskeriavtalen mellom Kina og Noreg frå 2007, handelsspørsmål og ressursforvaltning. Ho skal også møte direktøren for det kinesiske mattilsynet (AQSIQ). Kina og Noreg inngjekk ein avtale om sanitære spørsmål på fiskeri- og landbruksområdet i 2009.

Under «Sjømat- og fiskeriveka» skal fiskeri- og kystministeren delta på seminara «Berekraftig havbruk» og «Fiskeriforvaltning». Ho deltek også på Eksportutvalet for fisk sin konferanse for norske eksportørar til Asia og asiatiske importørar og på andre arrangement i regi av Eksportutvalet for fisk.

Relaterte artiklar:
Fokus på trygg nordisk mat 02.09.2010
Kongelig restaurantåpning i Shanghai 02.06.2010
Halvannet minutt i Shanghai? 04.05.2010
Norsk laks - in China with Love 12.02.2010
– Blomstrende handelsutvikling med Kina 15.01.2010
Giske sparket i gang laksekampanje 15.01.2010
Rødt og laks skal selge Norge under EXPO 2010 12.01.2010