– Både positive og skuffande element

Illustrasjonsfoto: Fiskebåt

Den norsk-russiske fiskeriavtalen for 2011 får blanda mottaking hos Fiskebåtredernes Forbund.

– Det er positivt at kvotane av torsk og hyse aukar med 16 og 25 prosent til neste år. Det er likevel skuffande at Fiskebåt sine synspunkt på at det ville vere klokt å ta ut litt meir av den kraftige veksten i torskebestanden av omsyn til mattilgangen til fisken, ikkje har fått gjennomslag. Det seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i ei pressemelding.

– Gytebestanden vil auke med omlag 200.000 tonn i år og mellom 150.000 og 200.000 tonn i løpet av neste år i følgje prognosane til havforskarane. Vi fryktar at det blir for lite mat til all denne fisken, noko vi veit fører til auka grad av kannibalisme og til at fisk går tapt. Marknaden for torsk er i god vekst og prisane er stigande slik at marknaden vil kunne absorbere eit høgare volum, seier Roaldsnes.

Les også: Enighet om norsk-russisk fiskeriavtale 08.10.2008

– Harmonisering positivt

– Det mest positive med avtalen for neste år er harmoniseringa av minstemåla for torsk og hyse. Dette vil føre til at nesten heile den norske kvoten vil bli fiska i norsk sone. Truleg vil også det meste av den russiske kvoten bli fiska i norsk sone - eller i Svalbardsona, seier Roaldsnes.

– Positivt med meir lodde, men dårleg bytehandel

– Det er også positivt at vi får 48.000 tonn lodde gjennom avtalen, men Fiskebåt er kritisk til byteforholdet. Det er altfor dårleg og var imot rådet frå næringa. Når kvoten av nvg-sild neste år går kraftig ned vil marknaden truleg vere villig til å betale betre, og det er i lys av dette at byteforholdet er for dårleg. I tillegg skal vi avstå 500 tonn uer som norske fiskarar har svært strenge bifangstreglar for, seier Roaldsnes.

– Skuffande

– Det er svært skuffande at det russiske direktefisket etter sei ikkje er tatt opp frå norsk side. I tillegg til kvoten vi gjev frå oss, er problemet fiskemønsteret til russarane, som ikkje tar omsyn til seiens biologi. Dei held seg på dei same felta heile året og dette skræmer bort seien. Fiskebåt har foreslått ei sørleg grense for det russiske seifisket og vil følgje opp saka med tanke på neste forhandlingsrunde, seier Roaldsnes.

Han er også skuffa over at det ikkje skjer noko når det gjeld eit fleksibelt sjekkpunkt for rekeflåten i Barentshavet og med utfordringane det har vore dei siste åra med manglande kommunikasjon mellom norske og russiske styresmakter om regelverket som russarane handhevar i samband med grensekryssing.