Elektronisk dagbok markert med kake

Første dag med obligatoriske elektroniske fangstmeldingar vart markert med kake under ein tilstelling i Fiskeridirektoratet i Bergen.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord tok det første «kakespadetaket» for å markere ein vellukka overgang frå papir til elektronikk.

Hektisk veke med elektronisk fangstdagbok

Frå fredag 1. oktober vart alle fartøy over 21 meter pålagt å ta i bruk elektronisk fangstdagbok. Totalt er det snakk om ca 430 fartøy som no ikkje lenger skal føre fangstdagbok for hand, melder Fiskeridirektoratet.

Jens A. Wathne ved FMC-sentralen, rapporterer om ei ganske hektisk veke med elektroniske meldingar. Første veka har sentralen motteke 2632 godkjente meldingar og 142 ikkje godkjende meldingar.

– Vi får svært mange fiskarar som tek kontakt fordi dei lurer på ting rundt regelverket, og har spørsmål om programvara. Mange ringer for å sjekke om dei har gjort ting riktig, eller for å få rettleiing dersom dei har gjort noko feil. Men alt i alt så fungerer rapporteringa godt, fortel han.

Les også: – Sikrere med elektronisk rapportering 28.09.2010

– Region Troms er aktive

Den store skilnaden på den gamle dagboka og det nye systemet er at eit fartøys elektroniske fangstdagbok ligg på ein server i Fiskeridirektoratet og ikkje om bord på fartøya.

Systemet vil gjere kontrollarbeidet i Fiskeridirektoratet lettara.

– Tilsette i regionane med tilgang kan no gå inn å sjekke fangstdagbøkene når det måtte passe. Spesielt folk i region Troms har vore aktive og brukt systemet. Eg vil oppmode alle regionane til å bli aktive brukarar av systemet, seier Wathne.

Ned til 15 meter frå nyttår

Fartøygruppa over 21 meter tel om lag 430 fartøy, og av desse rapporterer no 330 fartøy.

– Dei resterande 100 fartøya vil kome til etter kvart. Ein del har dispensasjon av ulike grunnar og vi lar fartøya få høve til å tilpasse seg det nye systemet. Frå nyttår er det planen at grensa for elektronisk fangstdagbok blir flytta ned til fartøy over 15 meter, seier Wathne.