Buefjord-skipper fekk 185.000 i bot

SHETLAND: Skipperen på Buefjord frå Askvoll fekk bot for forsøk på smugling av makrell.

Ringnotbåten «Buefjord» har sidan måndag lege i arrest i Lerwick. Etter ein runde i retten i Lerwick fekk skipper Frode Kjempenes frå Bulandet i Askvoll ei bot på 20 000 pund, tilsvarande ca 185 000 kroner.

Retten meiner Buefjord forsøkte å smugle 75 tonn makrell ut av EU-sona, skriv NRK. Trass i at Kjempenes godtok bota, avviser han skuldingane om forsøk på fiskesmugling.

– Eg godtok bota som ein hestehandel for å få saka opp og avgjort raskast mogleg, seier Kjempenes.

Buefjord skal ha vore i ferd med å forlate den britiske delen av Nordsjøen sist fredag, då fiskebåten vart stogga og kontrollert av britiske myndigheiter, melder både Shetland Marine News og BBC.

Fartøyet hadde ein kvote på 55 tonn makrell, men om bord var det så mykje som 125,8 tonn makrell.

– Dette skuldast ein hestehandel som vart inngått ute på fiskefeltet, der fleire båtar var involvert. Det var noko fisk som vart pumpa over frå ein annan båt som ikkje klarte å bli kvitt fisken. Så blei det innmeldt etterpå. Då blei det tydelegvis innmeldt feil. Men ei feilrapportering er ikkje nokon sensasjon, seier Kjempenes på telefon til Aftenposten.no.

– Eg har sagt meg skuldig i å feilrapportere fangsten ifylgje den fangstdagboka vi nyttar. Men denne fangstdagboka og innmeldingssystemet forstår vi oss ikkje heilt på. Eg har ikkje sagt meg skuldig i å smugle fisk, presiserar Kjempenes.

Årsaka til at reiarlaget ikkje melde frå om at delar av fangsten kom frå ein annan båt, er at der er vanskelegare å få selt fisk som er pumpa frå ein båt til ein annan, skriv NRK.

– Dermed underslo Buefjord desse opplysingane med den hensikt å selje makrellen som eigen fangst, medgir Richard Bjerk, som er advokat for Kjempenes.

Les også: Buefjord og Sklinnabanken i arrest 12.10.2010

«Sklinnabanken» ventar på rettssak

Fiskebåten Sklinnabanken frå Brønnøy vart teken i arrest sundag.

Dei har no fått levert fangsten på Shetland, og det synte seg at dei hadde for mye fisk om bord, skriv Brønnøysunds Avis.

– Vi håpar at rettssaka kjem opp på fredag slik at båt og mannskap kjem seg laus før helga, seier Jan-Erik Johnsen, styreleiar for Brønnøy Havfiske AS og medeigar i «Sklinnabanken».