Fortørna på Fiskesalslaget

Norges Fiskarlag likar ikkje at Vest-Norges Fiskesalslag kritiserer Nobelpris-tildelinga.

Fredag 8. oktober vart Nobels fredspris tildelt den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo. Tildelinga har vekt harme hjå kinesiske styresmakter noko som mellom anna har ført til at Kina har avlyst møter med fiskeri- og kystminister Libeth Berg-Hansen, som er i Kina denne veka.

Les også: Avlyser møte med Berg-Hansen 12.10.2010

Les også: Kina avlyser møte med Berg-Hansen 11.10.2010

Reaksjonar kom det også frå administrerande direktør i Vest-Norges Fiskesalslag i Måløy, Magnar Aasebø, som fryktar at pristildelinga kan skade norsk eksport av fisk til Kina.

– Nobelkomiteen burde funne ein kandidat som ikkje skadar norsk eksport, sa Aasebø til NRK for ei veke sidan, same dag som fredsprisen vart tildelt.

Han fryktar at ein viktig marknad for norsk torsk og hyse kan forsvinne som fylgje av tildelinga og reaksjonar frå Kina.

Men no får Aasebø kritikk frå leiaren i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen, skriv NRK.

– Eg meiner det faktisk er omsyn som går føre fiskeeksporten, seier Nilsen.

Reidar Nilsen er sterkt usamd med Aasebø, og vil ikkje at meiningane til Aasebø skal stå att som fiskerinæringa sitt syn på saka.

– Dei som jobbar med menneskerettar i Kina og andre tilsvarande land, har så tronge kår at dei treng all den støtta dei kan få, også frå norske fiskarar, seier Nilsen.

– Om det kjem reaksjonar trur eg desse vil vere kortvarige, avsluttar Nilsen.

Les også: Berg-Hansen besøkjer Kina 06.10.2010