Nye makrellforhandlingar i november

LONDON: Denne veka har det vore drøftingar om ein makrellkvote for 2011 og om ein langsiktig strategi for makrellforvaltinga, men partane kom ikkje til semje.

Møtet denne veka mellom EU, Noreg, Færøyane, Island og Russland førte ikkje til konkrete resultat. Dei internasjonale forhandlingane starta i London tysdag 12. oktober, og det var sett av tre dagar til forhandlingane.

Partane i forhandlingane om makrell, skal møtast igjen i London om knappe fire veker, melder Fiskebåtredernes Forbund.