Vidar Ulriksen til Chile

Del saken

Statssekretær Vidar Ulriksen skal besøke havbruksmessa Aqua Sur 2010 i Chile.

Statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet, reiser 20. – 22. oktober til Chile og havbruksmessa Aqua Sur 2010. På programmet står blant anna politiske samtalar med den chilenske viseministeren for fiskeri og havbruk, Pablo Galilea.

Blant tema som vil bli drøfta i dei politiske samtalane, er samarbeidsområde innan forsking og forvaltning, utfordringar innan berekraftig havbruk, og kampen mot ulovleg fiske. Det er også lagt til rette for å underteikne ein intensjonsavtale (Memorandum of Understanding - MoU) om fiskeri- og havbrukssamarbeid mellom Noreg og Chile.

Ulriksen deltek mellom anna på ein internasjonal konferanse «Renewing the Vision of Aquaculture» under havbruksmessa.

Han skal også besøkje selskapet Aqua Gen sitt nye smolt- og klekkerianlegg.