– Ønskjer meir transport frå veg til sjø

Eg vil invitere representantar frå hamnene, reiarlaga og varesida til eit møte i departementet for å diskutere kva som skal til for å lykkast med å få meir gods over på kjøl.

Det sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen, då ho opna konferansen «Transport og logistikk 2010».

– Regjeringa har eit mål om betre miljø og betre framkomst i det norske transportnettet, og ønskjer derfor at meir transport blir overført frå veg til sjø, seier Berg-Hansen.

– Men skal vi få til auka sjøtransport må den vere konkurransedyktig med transporten på landevegen. Regjeringa vil bidra til dette. Blant anna ved å leggje til rette for at dei ulike transportformene kan spele saman og utfylle kvarandre slik at hamnene kan utvikle seg til effektive transportknutepunkt, seier Berg-Hansen

Statsråden viser til at dette blir følgt opp gjennom ein fordelaktig avgiftspolitikk som reduserer sjøtransporten sine avgifter, og investeringar i og vedlikehald av sjøvegen gjennom Nasjonal transportplan 2010-2019. Her er den årlege ramma til sjøtransportområdet auka med 77 prosent samanlikna med førre planperiode. Farleiene er ein sentral del av infrastrukturen og er ein av føresetnadene for å utvikle sjøtransporten. Regjeringa legg opp til å bruke nesten 3 milliardar kroner til dette formålet dei neste 10 åra.

I budsjettet for 2011 foreslår regjeringa kraftig satsing på sjøtransport og maritim infrastruktur, gjennom å auke løyvinga til oppfølging av Nasjonal transportplan under Fiskeri- og kystdepartementet sitt ansvarsområde med 88,8 millionar kroner, hevdar Berg-Hansen i ei pressemelding.

Les også: – Budsjett for sikrere sjøtransport 05.10.2010

– Stamnetthamnene er knytt til statleg infrastruktur både til lands og til sjøs, og vil bli prioriterte når det er behov for å betre infrastrukturen til og frå hamna. For sjøtransport er dette samvirket heilt grunnleggande. For å kunne bringe varene frå dør til dør er vi avhengige av vegtransport. Det er slike problemstillingar knytt til sjøtransport eg ønskjer å diskutere nærare med dei ulike aktørane, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Skepsis

Norske Havner uttrykte skepsis etter at regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2011 vart lagt fram. Organisasjonen meiner at det er sprik mellom regjeringa sine mål og verkemiddel vedrørande rammevilkår for sjøtransporten.

Les også: Ønsker bedre vilkår for sjøtransport 08.10.2010