Nye makrellforhandlingar i London

Tysdag i neste veke vert det nye makrellforhandlingar i London mellom EU, Færøyane, Island og Noreg.

Det melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

Forhandlingane sist veke førte ikkje til semje. Noreg har avvist krav frå Færøyane og Island om ein kraftig auke i kvotedelane deira. Drøftingane vart tidlegare sagt å skulle ta til igjen i november.

Les også: Nye makrellforhandlingar i november 15.10.2010

- Det er heilt uakseptabelt for Noreg å redusere den norske makrelldelen. Noreg har i ei årrekkje arbeida for å auke den norske delen, fordi vi har meint at makrellens sonetilhøyring i norsk økonomisk sone over tid er større enn Noregs del i dag, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt.

Han viser til at uavhengig av ei eventuell forhandlingsløysing med Island og Færøyane, så er Noreg og EU samde om ein forvaltingsavtale som inneber auka sonetilgang for begge partar frå neste år.

– Noreg har då full fleksibilitet vest til 4-graden, poengterer Maråk, som har delteke i makrellforhandlingane dei siste åra.

Russland deltek med observatør i kyststatsforhandlingane om makrell.