Kan ha større lasteromsvolum

Ringnotfarty og pelagiske trålarar kan no auke lasteromsvolumet til 4 000 kubikkmeter.

Fiskeri- og kystdepartementet har bestemt at lasteromsvolumet for ringnotfarty og pelagiske trålarar kan aukast frå 2 000 til 4 000 kubikkmeter. Det melder Fiskebåtredernes Forbund på sine nettsider.

Grunngjevinga er blant anna at taket på 2 000 kubikkmeter ville gjere det vanskeleg å bygge effektive farty som kan ta i bruk ny teknologi og auke verdiskapinga.

Departementet peikar på at lik grense for lasteromsvolumet, gjer at det framleis ligg til rette for å føre desse to løyvetypane saman på eit farty.