Kontroller din status i fiskarmanntalet

Fiskeridirektoratet oppmodar om at ein kontrollerar statusen i fiskarmanntalet.

Framlegg til fiskarmanntal for 2011 blir lagt ut til offentleg innsyn på regionkontora og lokalkontora til Fiskeridirektoratet og nokre av NAV-kontora i kvar region frå måndag 1. november og tre veker framover.

Fiskeridirektoratet ber om at kvar enkelt kontrollerer sin manntalsstatus for komande år.

Den som meiner seg feil stroken eller feil ført, kan klage skriftleg til manntalsførar innan tre veker frå manntalet er lagt ut 1. november.

Regionkontora til Fiskeridirektoratet er manntalsførar for kvar sin region.