173.000 tonn nordaustarktisk sei

Fiskeri- og kystdepartementet har sett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 173 000 tonn i 2011.

Dette er ein nedgang på 31 000 tonn frå 2010. Kvoten er i tråd med den etablerte forvaltningsstrategien og rådet frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES).

Trass i at fangstkvantumet av sei nord for 62°N, dei siste åra har vore lågare enn dei fastsette totalkvotane, er det noko nedgang i gytebestanden. Forvaltninga av sei byggjer på ein strategi som ICES i 2007 vurderte ICES til å vere i tråd med føre-var-prinsippet.

Etter departementet si vurdering fungerer denne forvaltningsstrategien godt, og bestanden av sei er forvalta på ein berekraftig måte. Men bestandsutrekningane er litt usikre og difor er det nødvendig å følgje bestandsutviklinga nøye.

Sei nord for 62°N er ein norsk bestand, og Noreg forhandlar ikkje med andre land om fastsetting av kvote og forvaltningsopplegg.

Som for 2009 og 2010 blir attverande kvotar frå 2010 ikkje overførde til 2011. Dette heng saman med usikkerheita i bestandsgrunnlaget, kor tilgjengeleg seien er og fisket dei siste åra.