Fiskebåt inviterer til samtalar

Del saken

Fiskebåtredernes Forbund inviterer no dei som har meldt seg ut av organisasjonen til samtalar.

Meininga er å ha møte i Tromsø, Bergen og Ålesund i neste veke. Aktuelle reiarlag vert inviterte til å legge fram sine synspunkt på møta, der den lokale medlemsforeininga vil stille saman med representantar for styret og administrasjonen i Fiskebåt.

Det melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) på sine nettsider.

- Fiskebåt er opptatt av at havfiskeflåten skal ha mest mulig gjennomslag på dei mange saksfelta organisasjonen er engasjert i og synest det er uheldig at enkelte reiarlag ønskjer å avslutte medlemsskapet. Vi tar dette på alvor og ønskjer å lytte til dei innvendingane dei har til organisasjonens arbeid, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt.

Fleire reiarlag har meldt seg ut av forbundet grunna striden om strukturkvoteordninga.

Les også: - Beklagelig med utmeldelser 20.10.2010

- Felles plattform

Roaldsnes oppmodar alle medlemmer som har synspunkt i saka, til å ta kontakt med han eller administrerande direktør. Roaldsnes er opptatt av å finne ei felles plattform for heile havfiskeflåten.

- Noko anna vil skade flåtens interesser, seier Roaldsnes.