Søkjer om MSC-sertifisering

Del saken

Icelandic Group søkjer no om MSC-sertifisering av det islandske torske- og hysefisket. 

Icelandic Group, som har hand om 35 prosent av fiskefangstane på Island, og er Europas femte største sjømatselskap. I følgje Icelandic Group gjeld søknaden 160.000 tonn torsk og 50.000 tonn hyse årleg . Dette tilsvarer kvoten Island har fastsett for 2010/2011. Det islandske kvoteåret går frå september til august. Det melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) på sine nettsider.

Icelandic Group eig både farty og landanlegg og er representert i ni land. Selskapet er blant verdas ti største sjømataktørar.

- Svært viktig

Administrerande direktør Rupert Howes i MSC; Marine Stewardship Council, seier at søknaden frå Icelandic Group om sertifisering av det islandske torske- og hysefisket er svært viktig sett i ein historisk samanheng og vil ha følgjer for alle som er involvert i fangst, foredling og sal av kvitfisk frå Island.

- Eg veit at marknaden vil følgje behandlinga av søknaden med stor interesse og vente spent på den endelege avgjerda, seier Howes mellom anna.

- Ytterlegare bevis

- Det at den største islandske sjømataktøren søkjer om MSC-sertifisering av det islandske torske- og hysefisket er eit ytterlegare bevis på at MSC er det absolutt leiande miljømerket for fisk, seier Knut Vartdal, som er styremedlem i MSC.

- Kva dette vil få å seie for arbeidet med eit eige islandsk miljømerke ønskjer eg ikkje å spekulere i, seier Vartdal til Fiskebåt.

- Oppsiktsvekkjande

Avgjerda til Icelandic Group er interessant ut frå to perspektiv, fortel avdelingsleiar Webjørn Barstad i Fiskebåtredernes Forbund, til forbundet sine nettsider.

- Det eine er at Islands kvotefastsetting i mindre grad kan avvike frå råda enn det den har gjort nokre av dei siste åra. Somme år har nemleg kvotefastsettinga lagt noko over dei nivåa som ICES har tilrådd. Eg kan vanskeleg sjå at denne praksisen kan halde fram innanfor eit MSC-merka fiskeri, alternativt kan eg vanskeleg sjå at Icelandic Group kan sertifiserast dersom praksisen frå desse åra held fram, seier Barstad.

- Det andre er at prosjektet med etablering av ei eiga islandsk merkeordning, Iceland Responsible Fisheries, ser ut til å falle i fisk. Det er i alle fall oppsiktsvekkande at den største aktøren i den islandske sjømatnæringa bryt ut av rekkjene, seier Barstad.

Barstad har stått sentralt i arbeidet med MSC-sertifiseringa av dei norske seifiskeria og fisket etter nordaustarktisk torsk og hyse.

Les meir hos MSC
Iceland’s cod and haddock fisheries enter MSC assessment 

Les meir hos Icelandic Group
Icelandic Group Begins MSC Full Assessment for all Cod and Haddock Fisheries in Iceland