- Betre rusta til å avsløre dumping

Del saken

Ved bruk av moderne analyseverktøy og elektroniske rapportar frå fiskeflåten er Fiskeridirektoratet betre rusta enn nokon gong til å få bukt med utkast av fisk.

Dumping og slepping av fangst er ikkje nokon ny utfordring for Fiskeridirektoratet.

Frå tid til anna dukkar det opp rykte om dumping av fangst, men slike lovbrot er vanskeleg å oppdage utan å vere fysisk til stades. Fiskeridirektoratet er no betre rusta enn nokon gong til å avsløre mellom anna dumping av fisk.

- Dumping av fisk, som vi veit skjer, er kanskje den mest utfordrande kontroll Fiskeridirektoratet og Kystvakta har. Det er viktig å understreke at ansvaret for å redusere dumping har først og fremst næringa sjølv. Det er uråd for oss og Kystvakta å vere til stades på alle fartøy, og vi må difor utvikle andre metodar for å få mest mogeleg effektiv kontroll, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord i ei pressemelding.

Les også: «Arvid Nergård» mistenkt for dumping 27.10.2010
Les også: Aker-tråler etterforskes for dumping 27.10.2010

Risikoanalyse og elektronisk rapportering

I løpet av dei siste åra har Fiskeridirektoratet utvikla nye og effektive metodar for å avsløre fiskejuks.

Mellom anna vil samanstilling av store mengder data frå fiskeflåten til gode analysar, kunne hjelpe fiskeriforvaltinga til å følgje betre med fiskeflåten i forvaltings- og kontrollsamanheng.

- Vi har alt tatt i bruk ulike risikoanalysar for å kunne drive meir målretta kontroll. Frå 1. oktober er det innført elektronisk fangstdagbok for alle fartøy over 21 meter og frå 1. januar 2011 skal også alle fartøy over 15 meter rapportere elektronisk til Fiskeridirektoratet, seier Holmefjord.

- Dette verktøyet vil bli brukt til å lage gode analysar av til dømes fangstsamansetning om bord på fiskeflåten og vi vil kunne reagere raskt dersom fartøy har ein unormal fangstsamansetning i høve til fartøy som ein kan samanlikna med. Dette vil bli ein meir effektiv reiskap mot dumping av fisk enn dei vi så langt har rådd over, seier Holmefjord.

Les også: Elektronisk dagbok markert med kake 11.10.2010
Les også: - Sikrere med elektronisk rapportering 28.09.2010

Betre kontroll

Utvikling av elektroniske hjelpemiddel og bruk av risikoanalysar har dei siste fem-seks åra bidrege til betre kontroll med utøvinga av fisket. Ein risikoanalyse identifiserer potensielle risikoobjekt.

Fiskeridirektoratet kan med bakgrunn i analysane rette kontrollinnsatsen inn mot ulike flåtegrupper og type fiskeri til ulike tider på året.

- Satsinga som er gjort dei siste åra har sett oss i stand til å utøve kontroll meir effektivt og med gode resultat. Vi har mellom anna brukt nye metodar inn mot overfisket i Barentshavet, i torskefisket i kystflåten og i makrellfisket for unngå slepping og dumping av fangst, seier fiskeridirektøren.

Fiskeridirektoratet vil på sjølvstendig grunnlag vurdere tiltak retta mot dei to fartøya der det skal ha føregått systematisk dumping av fisk.