Ikkje semje om makrell

Makrell. Foto: Havforskningsinstituttet

Det har denne veka vore internasjonale forhandlingar i London om makrellkvotar for 2011, og ein langsiktig strategi for makrellforvaltinga, utan at partane kom fram til ein avtale.

Men EU, Færøyane, Island og Noreg, som deltek i forhandlingane om makrell, vart samde om å møtast til ei ny forhandlingsrunde i Oslo i november, melder Fiskebåtrederens Forbund (Fiskebåt).

– Islands utgangspunkt i forhandlingane er prinsipielt uakseptabelt, seier ekspedisjonssjef Johan H. Williams i Fiskeri- og kystdepartementet, til Fiskebåt. Williams leia den norske delegasjonen i London denne veka.

– Island har ei tilnærming til makrellforvaltinga som legg opp til eit olympisk kappfiske mellom nasjonane, noko som er heilt uråd å vere med på, seier Williams.

Williams ser dialogen med Færøyane som meir konstruktiv.

– Det er mogleg å ha ein dialog med Færøyane, fordi dei baserer seg på dei same prinsippa som Noreg, nemleg sonetilhøyring og tilgjengelegheit. Færøyane har også vore med på å bygge opp bestanden dei ti siste åra. Likevel er det færøyske kravet så langt for høgt, seier Williams.

Les også: Nye makrellforhandlingar i London 20.10.2010

– Tilfreds

– Vi er tilfreds med handteringa norske styresmakter har av makrellforhandlingane og stiller oss heilt bak strategien, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk, som representerer Norges Fiskarlag i den norske delegasjonen.

– Dersom vi ikkje får ei løysing vi kan leve med i forhold Island og Færøyane, må vi vidareføre den langsiktige avtalen med EU, som blant anna gir nesten full fleksibilitet i sonetilgjenge mellom Noreg og EU, seier Maråk.