Ny vêrradar på Stad

Meterologisk institutt er no i ferd med å installere den etterlengta vêrradaren på Stad. Radaren kan vere i drift i løpet av hausten.

– No har vi kome så langt at det tekniske utstyret blir installert i tårnet. Vi reknar med at mykje er på plass innan slutten av veka, fortel seksjonsleiar Jørgen Togstad til NRK.

Fylkesleiar i Fiskarlaget, Jarl Magne Silden, seier dette vil gjere kvardagen tryggare for dei som trafikkerer kysten.

– Det vil vere veldig positivt å få den på plass. Sikker vêrdata har mykje å sei for ferdsel på havet, spesielt på ein så utsett plass som havet utanfor Stad, fortel Silden til NRK.

Togstad i Meterologisk institutt seier at radaren vil vere i drift i løpet av hausten.

– Når det tekniske utstyret er på plass, vil det vere ein testperiode der vi sjekkar kvaliteten. Eg tenkjer at vi vil byrje å drifte radaren for fullt i byrjinga av oktober, seier Togstad til NRK.