Måløysundet skal utbetrast

VÅGSØY: Kystverket skal bruke 43 millionar kroner for å gjere farvatnet ved Måløy tryggare.

Brønnbåten «Eli Star» frå Kristiansund gjekk den 2. november på grunn ved Trollebø i Vågsøy kommune. Fartøyet var det andre på kort tid som har gått på undervasskjeret på staden. I tillegg har fleire mindre båtar gått på grunn i sundet, melder NRK.

Både lastebåten «Nyfjell» og brønnbåten «Eli Star» gjekk på grunn ved Trollebøflua. Begge desse båtane var på veg nordover, og har lagt kursen mellom dei to merkekardinalane som markerer kvar det er farleg å gå. I tillegg har det vore to grunnstøytingar av fritidsbåtar i Måløysundet.

No vurderer Kystverket å merke Måløysundet annleis, i samband med utbetringsarbeidet i sundet, skriv NRK.

– Eg har fått opplyst at sundet er merkt slik det skal. Men eg synest det er flott at sjøfolk engasjerer seg, og vi lyttar til det. Vi skal no fjerne skjeret ved Trollebøflua, seier kommunikasjonsdirektør Ola Stenvaagnes i Kystverket.

Ifølgje Stenvaagnes skal Måløysundet ha vore kjent som ei problemstrekning. Boreriggen som skal brukast i samband med sprengingsarbeidet, kjem snart på plass over Trollebøflua.

– Måløysundet har vore eit problem i mange år. Det blir betre når Trollebøflua er sprengt bort, seier Stenvaagnes.