Fiskebåt ynskjer utvida helsemerking

Fiskebåtredernes Forbund er positiv til at norske styresmakter no har innført ”Nøkkelhullet”, ei merkeordning for sunnare mat.

No håper vi at produsentar og butikkar følgjer opp og merkar dei sunne matvarene, uttalar styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåtredernes Forbund på forbundet si heimeside.

– Vi har veksande problem med feilernæring, fedme og helseplager, noko som i tillegg til ulempene for den enkelte har store økonomiske konsekvensar.

– Eit sunnare kosthald gir store gevinstar, for den enkelte og for samfunnet, både helsemessig og økonomisk, seier han.

– Ordninga bør utvidast

– Fiskebåt meiner at den norske merkeordninga må utvidast, slik at mindre sunne og usunne matvarer også blir merka. Det er noko stadig fleire europeiske land gjer, seier Halstensen.

Eit utvida merkesystem, som blant andre dei store kjedene Marks&Spencer og Sainsbury i England bruker, deler matvarene inn i tre grupper:

  • Raudt markerer høg innhald av kaloriar, feitt, sukker eller salt
  • Gult markerer middels høgt innhald av kaloriar, feitt, sukker eller salt
  • Grønt markerer lågt innhald av det same

Forbrukarane blir oppmoda til å velje færre raude varer, og fleire gule og grøne.

Systemet er basert på retningsliner frå britiske styresmakter om kor stort inntaket bør vere av ulike næringsstoff.

– Både norske styresmakter og matvarekjedene bør ta steget vidare og ha mot til å la forbrukarane få vite kva som er mindre sunne og direkte usunne matvarer, seier Halstensen.

Han meiner at ei merkeordning bygd opp etter same modell som for eksempel i England vil hjelpe forbrukarane til å ta bevisste og sunne val.