Raudlista: Friskmelder 15 artar

Raudlista 2010 friskmelder 15 artar som vart raudlista i 2006. Men det er framleis kritisk for ål og pigghå.

Artsdatabanken har i dag gitt ut «Rødlisten 2010», som erstattar «Rødlisten 2006». Artsdatabanken er underlagt Kunnskapsdepartementet og er ein nasjonal kunnskapsbank for biologisk mangfald.

For ål og pigghå er tilstanden framleis kritisk, men sett under eitt har god forvalting og betre kunnskapsgrunnlag ført til ein slankare 2010-versjon av raudlista for marin fisk, melder Havforskingsinstituttet.

– Dette viser at utnytting av ressursane i havet er fullt mogeleg dersom det vert gjort fornuftig. Målretta forvaltning nyttar, seier Kjell Nedreaas.

Han er forskar på Havforskingsinstituttet og medlem i ekspertgruppa som har stått for raudlistevurderinga av marin fisk.

Les også: Lite miljømerket fisk i norske butikker 07.11.2010
Les også: – Nordmenn vil ha miljøvennlig fisk 29.10.2010

Frå bestandsnivå til artsnivå

Den første raudlistevurderinga av marin fisk kom i 2006. I årets liste har ein gått vekk frå å raudliste enkelte bestandar, men vurderer arten under eitt i norske farvatn, inkludert Svalbard og Jan Mayen.

Kysttorsk nord for 62 grader var til dømes kategorisert som sterkt trua i 2006. Kysttorsken er ikkje med i den reviderte versjonen, av di torsk som art ikkje er trua.

Ute av raudlista

Fem kommersielle artar vert no rekna som livskraftige, og er tekne ut av raudlista: Brisling, øyepål, lange, havsil og kveite.

Kjell Nedreaas forklarar at det skuldast betre forvaltning og at ein har skaffa til veges meir presis kunnskap om desse artane. Mellom anna finst det no gode oppdaterte tidsseriar for lange, som viser ei positiv bestandsutvikling sidan 2001.

– Vi handterer risikoen betre når vi har godt datagrunnlag for arten. Derfor er det så viktig at vi har overvakingsprogram som kan følgja utviklinga for fisk som er eller har vore i risikosona. Vi kan ikkje basere vurderingane på tilfeldig og mangelfull kunnskap , seier Kjell Nedreaas.

I tillegg til dei fem nemnde artane, er også 10 ikkje-kommersielle artar ute av lista, som havert, kamskjel, sukkertare og hornkorall.

– Kritisk for ål og pigghå

17 marine fiskar står på årets raudliste, inkludert ål og arktisk niøye som lever store deler av livet i ferskvatn. Ål, pigghå og storskate er dei tre artane på lista som er kritisk trua (CR). CR er den mest alvorlege kategorien som er i bruk på den norske raudlista for marin fisk.

Dessutan vert hummar raudlista, fordi data for bestand og fangst tyder på at bestanden er i nedgang. For artane ål og hummar er det allereie innført strenge forvaltingstiltak.

For ålen antyder forskarane ein reduksjon i bestandsstorleiken på minst 50 prosent det siste tiåret. Yngelmengdene tyder på at nedgangen vil halda fram, meiner forskarane. Naturverorganisasjonen WWF ønskjer importforbod for ål.

Les også: Krever importforbud for ål 09.11.2010

Internasjonale fangstatistikkar for pigghå har vist ein markant nedgang dei siste 50 åra. I Noreg gjekk fangstane ned med 83 prosent i frå 1980 til 2005. Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) meiner fangstatistikken speglar bestandssituasjonen, og opprettheld kategorien CR for denne arten.

Det er fire skateartar på raudlista. Det vert ikkje fiska direkte etter desse artane, men dei vert av og til fiska som attåtfangst i enkelte fiskeri, melder Fiskeridirektoratet.

Fem korallartar er raudlista. Det er allereie etablert 10 verneområde for å ta vare på korallar. I tillegg har vi ein generell aktsemdsregel for å beskytte korallrev mot øydeleggingar frå fiskeriaktivitet. Koralltypen sjøtre er trekt fram og denne vil ha eit visst vern gjennom dei verneområda som allereie er etablert.

Tilstanden har forverra seg også for artane blålange, vanleg uer, klappmyss, narrhval, sjøtre og fleire artar av sjøfugl.

– Godt eksempel og mindre godt eksempel

Ålefisket og fisket etter pigghå føregår i heile Nord-Atlanteren. I Noreg er det strenge reguleringar på dette fisket, og her meiner Nedreaas at Noreg går føre med eit godt eksempel. Han er ikkje like imponert over norsk forvaltinga av vanleg uer, som raudlista klassifiserer som sterk truga.

– I Noreg føregår det fritt fiske på vanleg uer sju månader i året. Betre forvalting er naudsynt skal vi lukkast med å tryggja denne arten og få tilbake ei normal rekruttering, seier Kjell Nedreaas.

Skal handsamast på reguleringsmøtet

Raudlista 2010 er eit av fleire verktøy fiskeriforvaltinga vil nytte når innsats skal prioriterast.

Av dei 13 artane av fisk som er raudlista, vil seks artar verte handsama på reguleringsmøtet 16.-17. november 2010, melder Fiskeridirektoratet.

Fakta om Raudlista

Marine fisk i Raudlista 2010

  • 268 saltvassartar er registrerte i norske farvatn. 170 av desse er eigna for raudlistevurdering
  • 17 artar er med på raudlista 2010
  • 16 artar er ute av lista. 15 av desse er oppgraderte til kategorien livskraftig frå andre, til dels meir risikoutsette kategoriar (VU, NT, DD)

Raudlista

  • Ei oversikt som viser plante- og dyreartar som er utryddingstruga, utsette for bestandsreduksjon eller naturleg sjeldne
  • Vurderer også kva risiko dei ulike artane har for å døy ut
  • Artane vert vurdert i ni kategoriar: Skalaen går frå utdøydd (EX) til livskraftig (LC)
  • Dei mellomliggjande kategoriane er: Utdøydd i vill tilstand (EW), regionalt utdøydd (RE), kritisk trua (CR), sterkt trua (EN), sårbar (VU), nær trua (NT), datamangel (DD)
  • Lista vert revidert kvart fjerde–femte år. Artsdatabanken har det overordna ansvaret, medan ekspertgrupper frå ulike forskingsinstitusjonar står for risikovurderinga av artane