Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å lukke fisket etter lange og brosme for konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter.
Fiskeri- og kystdepartementet har denne veka sendt på høyring eit forslag om tilgangsavgrensing for konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter i fisket etter lange og brosme.
Fartøy som har tilgang til å delta i gruppa av konvensjonelle havfiskefartøy blir ikkje rørt ved av dette forslaget, og heller ikkje fartøy under 28 meter.
– Føremålet med forslaget er å unngå at fangstinnsatsen i dette fisket aukar, etter at reglane for å avgrense storleiken på kystfartøy er endra frå ei lengdegrense på 28 meter til ei lasteromsavgrensing, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.
Les meir
• Departementet si samleside om høyringa
Les også: Varsler begrenset fiskeadgang 24.06.2010