Russland med nye dokumentkrav

Del saken

Russiske kontrollstyresmakter har igjen kravd at norske farty skal legge fram "reiskapssertikat" ved fiske i russisk økonomisk sone.

Fiskebåtredernes Forbund er ikkje kjent med at norske styresmakter har varsla flåten om at slike papir skal leggast fram og ber Fiskeridirektoratet avklare saka straks, melder forbundet på si heimeside.

Også i vinter opplevde norske ringnotfarty tilsvarande krav under vinterloddefisket ved sjekkpunktet til russisk økonomisk sone. Fartya blei då haldne tilbake i russisk sone med fangst. Den gongen løyste saka seg raskt, gjennom kontakt mellom norsk og russisk kystvakt som tilfeldig var samla til møte, då situasjonen oppstod.

Kravet går ut på at fartya skal ha teikningar av fangstreiskapen med dokumentasjon på at den er i samsvar med det bruket fartyet har ombord, melder Fiskebåtredernes Forbund.

No er det farty som vil fiske hyse i russisk sone som møter kravet.

Sidan flåten så langt forbundet kjenner til, ikkje har fått varsel frå norske styresmakter om endra reglar for norsk fiske i russisk sone sidan i vinter, ber Fiskebåtredernes Forbund no Fiskeridirektoratet om å avklare forholdet straks.