Planforum for femte gong

Det femte årlege planforumet i regi av Fiskeridirektoratet vart arrangert 16.-18. november i Bergen med nærare femti deltakarar.

Planforumet hadde deltakarar både frå Fiskeridirektoratet regionalt og sentralt, frå Fiskeri- og kystdepartementet, Noregs fiskarlag, og Fylkesmannen i Aust-Agder, melder Fiskeridirektoratet.

Tema for årets planforum var mellom anna evaluering av prosjektet «Innsamling og presentasjon av kystnære fiskeridata», marine verneplanar, retningsliner for planlegging i kystsona («Rekyl»), EU sitt vassrammedirektiv, ny geodatalov, EU sitt Inspire-direktiv, Fiskeridirektoratet sitt arbeid med kystkultur, problemstillingar omkring gruvedrift, dumping og utslepp i kystsona og marin arealforvalting.

– Av Fiskeridirektoratet sine tre verksemdsområde, er marin arealforvalting det området som aukar mest. Vi er blitt flinkare til å jobbe på tvers av regionane, og til å bruke den kompetansen som finns i dei ulike regionane, sa fiskeridirektør Liv Holmefjord då ho opna planforumet.

Retningsliner for kystsoneplanlegging - «Rekyl»

Fiskeridirektoratet sine regionar har i den seinare tid etterlyst ein rettleiar i kystsoneplanlegging. Ein manual eller lærebok i korleis dei skal utføre dette arbeidet på ein best mogeleg måte i høve til direktoratet sine retningsliner og rammevilkår.

Under planforumet leverte ei arbeidsgruppe leia av Frank Jacobsen sin rapport med retningsliner for dei fleste situasjonar innan kystsoneplanlegging. Denne rapporten er meint som eit oppslagsverk for sakshandsamarar og leiarar i regionane. Rapporten er no på intern høyring og skal deretter godkjennast av fiskeridirektøren.

– Slike retningsliner for korleis regionane skal handtere kommunale kystsoneplanprosessar kjem i rett tid. Vi har mellom anna fått ei ny plan- og bygningslov og ein forvaltingsreform, så vi må vite kva vi går til, seier seksjonssjef ved planseksjonen, Ragnar Sandbæk.

Kystnære fiskeridata

«Utvalet for kystnære fiskeridata», som vart leia av Johs. Bjelkerøy, leverte ein rapport med rettleiar for innsamling av data. Denne er oppdatert per 2010, og ligg til grunn for regionane sitt arbeid med datainnsamling.

– Fiskeridirektoratet har samla inn kystnære fiskeridata i over 30 år. Målet er at innsamlinga skal skje på ein einsarta måte, at det vert presentert i Fiskeridirektoratet sitt kartverktøy er tilgjengeleg på nettsidene våre, fortel Sandbæk.

For å kunne utøve ei best mogeleg forvalting og planleggein i kystsona er det viktig å få inn data om til dømes fiske- og gytefelt.

Erfaringane frå regionane er at dei fleste er positive til å gje frå seg informasjon om fiske- og gyteplassar, når dei får vite kva denne informasjonen skal brukast til. Mange regionar er ferdige med innsamling av data, men alle data skal reviderast med jamne mellomrom.

– Vårt forslag er at ein reviderer i samband med at kommunane rullerar sine kystsoneplanar kvart fjerde år, seier Sandbæk.

Ny versjon av kartverktøyet

I april vart Fiskeridirektoratet sitt kartverktøy oppdatert til ny versjon. Den nye versjonen har både nye temadata, raskare lasting av kart og betre utskriftsmodul. Dette kjem både Fiskeridirektoratet sine tilsette og eksterne brukarar til gode.

Gruvedrift i kystsona – eit problem for fiskeri og miljø?

Grunnlaget for norsk sjømatnæring ligg i kystsona. Fiskeri- og havbruksnæringa haustar og produserer mat frå havet og er avhengige av reint hav og reine fjordar med velfungerande økosystem.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) si ressursgruppe for bergverk og miljø har levert ein rapport om miljøutfordringar ved gruvedrift.

– I ressursgruppa har mellom anna ein forskar frå Havforskingsinstituttet vore med, elles har gruppa ingen representantar for fiskeri og havbruk, verken på nærings- eller forvaltingssida, seier ein litt bekymra Jan Henrik Sandberg frå Noregs fiskarlag.

«Kystkameratane»

I 2003 vart det oppretta ei direktoratsgruppe for kystkultur med medlemmer frå Fiskeridirektorat, Kystverket, Riksantikvaren og ABM utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum). Denne gruppa arbeider med kystkultur og arrangerer mellom anna ein årleg kystkulturkonferanse.

– Vi kallar oss «Kystkameratane» og er opptekne av å ivareta kystkulturen her i landet. Dersom du dreg ei line i ei sone inn til 10 kilometer frå kysten vil du finne at 80 prosent av Noregs befolkning bur i denne sona, fortel Sandbæk.

Sandbæk meiner det er symptomatisk at berre fem fartøy er freda av Riksantikvaren, medan det same gjeld om lag 5000 bygningar.