Russland vil ha opplysningar om IMO-nummer og tilgjengelege kvotar for kvart enkelt fartøy.
Etter krav frå russisk side, må norske farty som skal fangste i russisk sone oppglyse om IMO-nummer (internasjonalt identifikasjonsnummer) i søknaden om lisens for 2011.
Russland krev også at norske styresmakter opplyser om tilgjengelege kvotar for det enkelte farty til einkvar tid, melder Fiskebåtrederens Forbund.
IMO-nummer er i utgangspunktet ikkje påbode for fiskefarty, men dei som ønskjer å fiske i russisk økonomisk sone neste år må oppfylle dette kravet, opplyser Fiskeridirektoratet.
Også farty som har lisens for 2010 må søkje på nytt om lisens for neste år, opplyser direktoratet.