To statsrådar til Fiskebåt-årsmøte

Del saken

Både fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og utanriksminister Jonas Gahr Støre kjem til representantskapsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund i februar neste år.

Begge har takka ja til invitasjonen om å halde foredrag. Berg-Hansen sitt foredrag vil handle om aktuelle fiskeripolitiske spørsmål, medan Gahr Støre skal snakke om «Marin sektor i nordområdesatsingen».

- Det er svært gledeleg at både fiskeri- og kystministeren og utanriksministeren kjem til samlinga i Fiskebåt 2. februar neste år. Det viser at næringa vi representerer og utøvarane her er av stor interesse.

Det seier styreleiar Tore Roaldsnes, som sjølv skal halde sin første tale til representantskapet som ny styreleiar i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

Han gler seg til å møte sin "eigen" statsråd for første gong som styreleiar for Fiskebåt, der tema blir fiskeflåtens framtidige rammevilkår. Roaldsnes viser til behovet for å prioritere marin sektor i nordområdesatsinga til regjeringa.

- Fiske og fangst har vore Noregs viktigaste næringsaktivitet i nordområda og vil truleg vere det på lang sikt. Det er viktig at næringa får sin plass i nordområdepolitikken, seier Roaldsnes.

- Dermed blir første dag av årsmøtet i Fiskebåt tettpakka med viktige og interessante tema og vi kan reservere den andre dagen til ordinære årsmøtesaker, seier Roaldsnes.

Representantskapsmøtet blir avvikla på Hotel Bristol i Oslo 2. og 3. februar, og er tradisjonelt ein av dei viktigaste næringspolitiske arenaene i maritim sektor.