Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2011.
Når det gjeld fisket etter uer i norsk økonomisk sone, viser Fiskeri- og kystdepartementet til forskrift om utøving av fisket i sjøen.
På grunn av bestandssituasjonen vert gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer i norsk økonomisk sone nord for 62°N vidareført, slik dei går fram av utøvingsforskrifta. Det vil mellom anna seie at forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare.
Det same gjeld bifangstreglane, som inneber at ein heller ikkje i 2011 kan ha meir enn 15 prosent innblanding av uer i fisket med trål og 20 prosent innblanding i fisket med konvensjonelle reiskapar, i fisket etter andre artar.
Reguleringane når det gjeld fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II vert fastsette i samsvar med vedtak i NEAFC. Det vil seie at med unntak frå eit generelt forbod mot fiske i området, kan landa i NEAFC fiske ein samla kvote på 7900 tonn i perioden frå og med 15. august til og med 30. november 2011.
Fisket vert regulert som eit olympisk fiske i denne perioden. Berre fartøy som har tilgang til å ta del i dette fisket i år, vil kunne ta del i 2011. I fisket etter andre artar i dette området kan fartøy ha inntil 1 prosent bifangst av uer i vekt i de einskilde fangstar og ved landing.