Regulering av fisket etter vassild

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild i 2011.

Den norske totalkvoten blir på 12 000 tonn, før frådrag av forskingskvote på 300 tonn. Dette er på same nivå som i 2010, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Fisket vert opna 14. februar 2011, men 2 340 tonn av totalkvoten kan ikkje fiskast før 1. juni. Fartøy med vassildtrålløyve får maksimalkvote på 500 tonn.

Høvet til bifangst for fartøy utan vassildtrålløyve er på 10 prosent innblanding av vassild ved fiske etter andre artar. Det same gjeld fartøy med vassildtrålløyve etter at maksimalkvoten er oppfiska eller fisket eventuelt vert stoppa.

Les meir
•  Forskrift om regulering av vassild i Norges økonomiske sone i 2011