Femten næringslivsorganisasjonar underteikna i dag ein avtale med Miljøverndepartementet, om reduksjon av NOx-utsleppa med nye 16.000 tonn.
– Svært positivt. Avtalen har ei fornuftig innretning med fokus på meir permanente løysingar, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i ei pressemelding.
Fiskebåt er ein av organisasjonane som underteikna avtalen.
– Fiskeflåten vil framleis bidra betydeleg til utsleppsreduksjonane, slik den nye avtalen er utforma, seier Roaldsnes.
Utsleppsreduksjonen på 16.000 tonn som er avtalt fram til 2017, kjem i tillegg til reduksjonen på 19.000 tonn som ligg i dagens avtale frå 2008. Det er fiskeflåten og ulike typar sjøtransport som står for gjennomføringa av dei fleste tiltaka for å redusere NOx-utsleppa.
NOx-fondet reknar med å kunne bruke inntil 3,9 milliardar kroner til NOx-reduserande tiltak i perioden 2011-2017.
Den nye avtalen legg større vekt på varige og langsiktige tiltak. Avtalen fokuserer på «ny» teknologi og varige løysingar som ikkje krev dyre tilsettingar. Tilskotta til gassdrift, motorombygging, skifte av motor med meir blir auka, medan tilskotta til katalysator med urea blir redusert eller fell bort.
Modellen som er valt med eit NOx-fond der bedriftene kan få støtte til tiltak har vist seg både effektiv og operativ. 98 prosent av midlane som fondet får inn, går tilbake til bedriftene for å få redusert miljøskadelege utslepp.
Miljøavtalen har gitt reduserte utslepp og lågare driftskostnader. Avtalen har vekt internasjonal oppsikt og ei vidareføring kan gi andre land inspirasjon til å gjere noko tilsvarande for redusere sine utslepp, heiter det i meldinga frå Fiskebåt.
Les også: Her er NOx-avtalen 14.12.2010