Regulering av fisket etter blåkveite

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2011.

I den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vart partane i 2009 samde om ein totalkvote for blåkveite på 15 000 tonn per år i tre år framover. Partane vart også samde om ein fordelingsnøkkel som gir Noreg ein kvote på 7650 tonn blåkveite i 2011. Av dette kvantumet er 750 tonn avsett til forsking. Avtalen med Russland gjer det lettare å regulere fisket i tråd med tilrådingar frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES), skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Ordninga med at kystflåten sitt direktefiske etter blåkveite vert gjennomført i to periodar om sommaren, vert vidareført i 2011. Dette for å ta omsyn til varierande fisketilgang langs kysten. Første periode startar 30. mai og andre periode startar 1. august.

Maksimalkvotane er fastsett til 10, 12 og 14 tonn, avhengig av lengda på fartøyet. Fisket vil likevel verte stoppa når ein reknar periodekvotane på høvesvis 2160 tonn og 1440 tonn for å vere oppfiska. Fartøy som deltek får krav om dagleg rapportering, slik at salslaga har fortløpande oversikt over samla fangstkvantum.

Påmeldingsordninga vert ikkje vidareført.

Konvensjonelle kystfartøy over 28 meter største lengd kan ikkje kan ha meir enn 14 tonn blåkveite som bifangst. For havgåande konvensjonelle fartøy og trålarar vert reguleringane vidareførte som i 2010.