Regulering av fisket etter hestmakrell

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2011.

Den norske totalkvoten er på 90 000 tonn.

Norske fartøy kan fiske inntil 3550 tonn i  EU-sona i statistikkområde IV. Fisket etter hestmakrell vert elles gjennomført med tilsvarande reguleringar som for 2010, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.