Regulering av fisket etter tobis i 2011

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2011.

I tråd med tilrådingar frå Havforskingsinstituttet er det fastsett ein kvote på 60 000 tonn i norske farvatn.

Les også: Mindre tobiskvote og ingen øyepål 26.10.2010

Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet har i samarbeid med næringa arbeidd med ein ny forvaltningsmetode for tobis. Ein vil no gå over til områdebasert forvaltning. Det vil seie at norske farvatn blir delt inn i fleire område som skal opnast og stengjast annakvart år. På denne måten vil ein del av gytebestanden i eit område vere freda kvart år. Slik vil ein sikre målet om berekraftige tobisbestandar på alle viktige felt, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

I tillegg er det fastsett ein kvote på 20 000 tonn i EU-sona, i tråd med den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU.

For 2011 vil områda 1a, 2a og 3a vere opne for fiske.