Ingen kvote for augepål i 2011

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augepål i 2011.

I tråd med den vitskaplege tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vert det førebels ikkje opna for eit direkte fiske etter augepål i 2011.

Les også: Mindre tobiskvote og ingen øyepål 26.10.2010

Augepålbestanden hadde svært låg rekruttering i 2010 og ICES tilrår derfor ikkje fiske. Det kjem eit oppdatert råd i første halvår 2011, og ei eventuell opning for eit augepålfiske vil verte vurdert på grunnlag av dette.