22.731 tonn kolmule i 2011

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2011. Den norske totalkvoten er på 22 731 tonn.

Les også: Store kutt for kolmule og sild 01.10.2010

Det er sett av eit kvantum på 2000 tonn kolmule til forskings- og undervisningskvotar og 1000 tonn kolmule til dekning av bifangst i andre fiskeri før fordelinga på fartøygruppene, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Fartøy med kolmuletrålløyve kan fiske og lande inntil 6289 tonn kolmule. Heile dette kvantumet kan fiskast i EU-sona. For fartøy med kolmuletrålløyve blir deltakinga i fisket etter kolmule i 2011 avgjort etter kunngjering og skriftleg påmelding til Fiskeridirektoratet.

For å sikre eit lønnsamt fiske kan Fiskeridirektoratet på grunnlag av påmeldingane avgjere deltakinga ved loddtrekking. Fartøy som får delta i fisket etter kolmule i 2011, vil ikkje kunne delta i ei eventuell loddtrekking om deltaking i fisket etter kolmule i 2012.

Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarar kan fiske og lande inntil 12 743 tonn kolmule. 298 tonn av dette kan fiskast i EU-sona.

Noreg har også tilgang til å fiske 1672 tonn i Færøyane si fiskerisone.

Fiskeridirektoratet får løyve til å fastsetje fartøykvotar/maksimalkvotar. Krav om sorteringsrist i fisket etter kolmule gjeld framleis i 2011. Fiskeridirektoratet kan dispensere frå dette kravet for fartøy som ikkje har høve til å nytte rist og kan dokumentere at konsumfisk vert tatt vare på.

Les meir
•  Forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2011