Kvote på 7.452 tonn reker i sør

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2011.

Den norske totalkvoten av reker er sett til 7452 tonn, med 3570 tonn i Nordsjøen og 3882 tonn i Skagerrak. Dette er ein reduksjon på 15 prosent frå 2010, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Les også: Rekefisket søkes MSC-sertifisert 02.12.2010
Les også: Nye anbefalinger for rekekvoter 16.11.2010

Reguleringane for inneverande år vert i hovudsak vidareførte i 2011. Eit unntak er at maksimalkvotane vert reduserte med 15 prosent som følgje av lågare norsk kvote enn i 2010. Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar.

I den første perioden fram til 30. april kan 40 prosent av den samla kvoten fiskast. I dei neste to periodane, frå 1. mai til 31. august og 1. september til 31. desember, kan 30 prosent av den samla kvoten fiskast i kvar av periodane. Maksimalkvoten for dei enkelte fartøya er sett til 40 tonn i første periode og 30 tonn i kvar av dei to neste periodane. Vidare vert turkvoteordninga på 6 tonn per tur oppheva.

Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram å fiske innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska. Helgedagsfredinga vert vidareført som i 2010.