Kvote på 1286 vågekval i 2011

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1286 dyr for fangsten av vågekval i 2011.

Kvoten er den same som for 2010. Det vil i 2011 vere fri fangst i alle fangstområda, bortsett frå i havområda ved Svalbard, der delkvoten er sett til 65 dyr.

Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane i vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) legg til grunn skal gi fullgod sikkerheit for berekraftig fangst av vågekvalbestanden.

Les også: Vil styrke rekrutteringen til hvalfangsten 06.10.2010