Fiskeri- og kystdepartementet har i dag oppnemnt arbeidsgruppa som skal sjå på råfisklova og erfaringane med bruk av meklingsinstans.
Departementet kunngjorde i byrjinga av november at det skulle oppnemnast ei arbeidsgruppe som skal foreta ein gjennomgang av råfisklova.
– Bakgrunnen er den tidlegare prøveordninga med å bruke mekling når det har vore usemje om fastsetjinga av minstepris på fisk, og behovet for å foreta ein lovteknisk gjennomgang av lova, uttalte fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen den gong.
Arbeidsgruppa skal innanfor mandatet vurdere:
- Erfaringane frå prøveordninga med meklingsinstans ved usemje om fastsetting av minstepris på omsetning av fisk i første hand og den evalueringa som er gjort av prøveordninga, og eventuelt foreslå tiltak.
- Oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga av salslagssystemet etter at lova vart vedteken i 1951.
Les også: Skal vurdere råfiskloven 05.11.2010
Arbeidsgruppa
Arbeidsgruppa skal ha åtte medlemmer. Sju medlemmer vert utnemnt etter forslag frå Norges Fiskarlag (to medlemmer), Norges Kystfiskarlag (eit medlem), Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (to medlemmer), Norske Sjømatbedrifters Landsforening (eit medlem), og Landsorganisasjonen i Norge (eit medlem). Det skal i tillegg utnemnast ein uavhengig leiar for gruppa.
På bakgrunn av forslag om medlemmer frå dei aktuelle organisasjonane, har fiskeri- og kystministeren valt følgjande personar til å delta i arbeidsgruppa:
| Namn: | Foreslått av: |
| Ove Midttun (leiar) |
|
| August Fjeldskår (vara Heidi Rånes) |
Norges Fiskarlag |
| Johannes Nakken (vara Sveinung Flem) |
Norges Fiskarlag |
| Gerd Kristoffersen (vara Paul Jensen) |
Norges Kystfiskarlag |
| Nils Williksen (vara Jurgen Meinert) |
NSL |
| Grethe Fossli (vara Marta Valdes) |
LO |
| Kristin Alnes (vara Liv Monica Stubholt) |
FHL |
| Magnar Pedersen (vara Geir Ove Ystmark) |
FHL |