Fiske etter torsk, hyse og sei i 2011

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2011.

Etter at kvotar til forsking, rekreasjonsfiske med vidare er trekte frå dei nasjonale kvotane, kan norske fartøy fiske 310 253 tonn torsk, 146 750 tonn hyse og 150 000 tonn sei i 2011, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Torskekvotane i lukka gruppe er gitt som garanterte fartøykvotar. Det er sett av totalt 6500 tonn torsk frå gruppekvotane til kystfiskeflåten under 21 meter heimelslengde og i open gruppe for å skape aktivitet til hausten og sikre at det vert fiska meir hyse og sei. Samfiske vert vidareført i lukka gruppe for fartøy under 11 meter.

Les også: 173.000 tonn nordaustarktisk sei 26.10.2010
Les også: Signerte norsk-russisk fiskeriavtale 08.10.2010

Auke i torskekvotane og fritt fiske på hyse og sei for kystflåten

Sidan dei nasjonane vi byter bort torsk til ikkje har annan fisk å gi tilbake, er inntil vidare 5000 tonn torsk av unytta tredjelandskvote gitt som ein direkte kvoteauke til norske fiskarar. Denne tilbakeføringa kan bli større i løpet av året dersom vidare avtalar om kvotebyte ikkje fører fram. Totalkvoten for sei går litt ned, men vi har ikkje fiska opp kvoten dei siste åra. Dei fleste kan fiske mykje sei i 2010, og for kystflåten vert det også neste år fritt fiske på hyse og sei med garanterte kvotar.

Les også: Berg- Hansen: Særs gode kvotar 22.12.2010

Meir til dei minste

Erfaringane frå dei siste åra viser at stadig fleire fartøy, også dei små, fiskar heile kvoten sin. Dette gjer at graden av overregulering må justerast slik at vi ikkje overfiskar kvoten. Samfiskeordninga gjer at kvotane for dei under 11 meter vert sette litt lågare enn dei ville blitt utan ei samfiskeordning. Til gjengjeld er kvotane gitt som garanterte fartøykvotar. Samtidig får fartøy over 21 meter ytterlegare auke i fartøykvotane fordi dei ikkje tek del i bifangstordninga. Dette gir rom for å planlegge fisket enda betre neste år.

Vidareføring i avsetning til rekreasjonsfiske

Avsetning til rekreasjonsfiske vert vidareført på nivå med fjoråret. Denne avsetninga skal dekkje fangsten i rekreasjonsfisket, eller såkalla turist- og fritidsfiske, medrekna fangsten i ungdomsfiskeordninga og fangst frå fritidsfiskarar som vert omsett gjennom salslaga. Departementet har også sett av 3000 tonn torsk til oppfølging av ”Kystfiskeutvalet for Finnmark”. Til saman er det sett av 10 000 tonn torsk til desse formåla.

Opa gruppe

Opa gruppe skal framleis vere eit reelt alternativ for fiskarar som ikkje har løyve til å delta i lukka gruppe, og fiskeri- og kystministeren er særleg oppteken av at ungdom skal kunne etablere seg med eige fartøy i denne gruppa. Også her aukar kvotane for 2011. 

Samfiske

Samfiskeordninga vert vidareført i lukka gruppe for fartøy under 11 meter på same vilkår som i 2010. Vilkår for å delta i samfiskeordninga er:

  • Skriftleg melding om samfiske før fisket tek til.
  • Fartøya har same tilgang til å delta i lukka gruppe i fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord.
  • Eigarane må ha hatt høve til å delta i fisket med eit fartøy i 2009 eller 2010, og levert eit definert minimumskvantum av torsk i eitt av åra.
  • Begge fartøyeigarane må stå om bord under fisket og begge fartøyeigarane må underskrive landings- eller sluttsetel.
  • Det eine fartøyet i samfiskelaget kan ikkje drive fiske eller lande fangst i den tida samfisket pågår.
  • Fartøy kan berre delta i eitt samfiskelag i løpet av 2010.
     

Bifangstordning

Bifangstordninga vert vidareført i 2011 med ei avsetning på 6500 tonn, men berre gjeldande for fartøy med heimelslengde under 21 meter som leverer fangsten fersk, og for open gruppe. Ordninga trer i kraft frå 1. september med inntil 30 prosent bifangst av torsk. Bifangsten skal reknast i rund vekt per veke basert på summen av alle sluttsetlar/landingssetlar underskrivne i tidsrommet frå måndag kl 00.00 til søndag kl 23.59. Fartøy som har torskekvote igjen skal berre kvotebelastast for den delen av torskefangsten som overstig 30 prosent på vekebasis. Uavhengig av bifangstberekninga på vekebasis, kan andelen torsk ikkje overstige 49 prosent ved landing, med mindre overskytande kvantum vert belasta fartøyet sin eigen kvote. Ved brot på sistnemnde vilkår vert heile torskefangsten dregen inn. Torskefangst som vert belasta fartøyet sin eigen kvote inngår ikkje i berekningsgrunnlaget for bifangsten.

Det kan altså leverast fangstar av torsk under ordninga der torsken utgjer hovudfangsten, under føresetnad av at det overskytande vert belasta eigen gjenståande kvote. Dersom torsken utgjer meir enn 30 prosent per veke, vil verdien av det overskytande verte inndregen dersom ein ikkje har eigen kvote igjen. Det vil seie at i dei høve der fartøy utan gjenståande kvote har ei fangstsamansetning der torsken utgjer over 30 prosent men under 49 prosent, vil denne delen av fangstverdien bli inndregen. Dersom fartøy utan gjenståande kvote har 49 prosent torsk eller meir i fangstane  sine, vil fangstverdien av all torsk bli inndregen. 

For fartøy utan gjenståande kvote der torsken utgjer meir enn 30 prosent av fangsten, skal sluttsetelrubrikken for ulovleg fangst nyttast for dette kvantumet. Men fartøy som har «spart» på torskekvoten sin vil få nytte bifangstordninga og avrekne overskytande mot eigen kvote på ordinær måte. Fartøy utan gjenståande kvote som har meir enn 49 prosent torsk i det enkelte hal, vil få heile torskefangsten inndregen.

Fiskeridirektoratet kan stoppe tilgangen til bifangst av torsk ut over dei fastsette kvotane når det kvantumet som er avsett til bifangstordninga er berekna oppfiska. Fiskeridirektoratet kan også endre tidsrommet og bifangstprosent.

Les også: Endrer bifangstordningen 05.11.2010

Kysttorskevern

Departementet har tidlegare varsla at kysttorskevernet skal styrkast frå 2011. Det vert førebels ikkje sett inn ytterlegare tiltak ut over dei som vart varsla tidlegare i haust. Den fastsette planen for oppbygging av bestandane av kysttorsk vil verte følgd opp vidare. 

Les også: Nye vernetiltak for kysttorsk i 2010 02.09.2010

Påskestopp

På bakgrunn av ønske frå næringa vert det ikkje påskestopp i 2011.

Torsk

Den norske torskekvoten er fordelt med 209 218 tonn (67,50 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar (garn, line, snurrevad og snøre), og 100 735 tonn (32,50 prosent) til trålarane.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 26 801 tonn, og er regulerte med fartøykvotar. Fartøy i lukka gruppe kan fiske 162 534 tonn, og fartøy i opa gruppe kan fiske 19 883 tonn i 2011.

Fartøy i lukka gruppe er regulerte med fartøykvotar. Fartøykvotane er frå 24 tonn til 199,4 tonn avhengig av heimelslengd og fartøyet si faktiske lengd. 

Fartøy med heimelslengd under 11 meter har ein gruppekvote på 45 006 tonn torsk. Av dette kvantumet er det avsett 2033 tonn til bifangst. Gruppa er gitt ei overregulering på 30 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er større enn 11 meter får dei halv overregulering, 15 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 11 og 15 meter har ein gruppekvote på 43 364 tonn torsk. Av dette kvantum er det avsett 1959 tonn til bifangst. Gruppa er gitt ei overregulering på 5 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 15 og 21 meter har ein gruppekvote på 44 437 tonn torsk. Av dette kvantum er det avsett 2008 tonn til bifangst. Gruppa er gitt ei overregulering på 2,5 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 5 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 21 og 28 meter har ein gruppekvote på 29 727 tonn torsk. Det er ikkje avsett noe kvantum til bifangst og heile gruppekvoten er gitt som fartøykvotar. Gruppa er gitt ei overregulering på 0,5 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 1 prosent.

Maksimalkvotane i opa gruppe er frå 20 til 32 tonn avhengig av fartøylengd. Det vert gitt garantert kvantum frå 14 til 22 tonn. 

All bifangst av torsk i fisket etter andre artar må avreknast innanfor fartøykvoten, eller innanfor bifangstordninga.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 kan fiske 1137 tonn torsk i 2011.
I 2010 var kvoten 921 tonn frå starten av året, men vart seinare auka til 927 tonn, (921 tonn garantert).

Hyse

Den norske hysekvoten vert fordelt med 90 985 tonn (62 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og 55 765 tonn (38 prosent) til trålarane.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 16 377 tonn, og er regulerte med maksimalkvotar. Her er kvoteeininga sett til 257 tonn, av dette er 183 tonn garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 40 prosent. Desse fartøya må dekkje eventuell bifangst av hyse i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten.

Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe får fritt fiske etter hyse innanfor gruppekvoten, med garanterte kvotar i botn mellom 9 og 60 tonn, avhengig av heimelslengd. Fartøy i opa gruppe kan fiske 7279 tonn i 2011 og får fritt fiske innanfor gruppekvoten med et garantert kvantum på 6 tonn. 

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 får ein maksimalkvote av hyse på 813 tonn, av det er 626 tonn garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 30 prosent.

Sei

Den norske kvoten er fordelt med 57 000 tonn (38 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar, 37 500 tonn (25 prosent) til notfartøya og 55 500 tonn (37 prosent) til trålarane. 350 tonn av kvoten er sett av til agnformål.

Gjenståande seikvotar frå 2010 vert ikkje førde over til 2011. Det vil ikkje bli mogleg å overføre seikvote frå 2011 til 2012 grunna usikkerheita i bestandsgrunnlaget, tilgangen og fisket dei siste åra.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 6270 tonn og vert regulerte med ein maksimalkvote på 500 tonn.
Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe kan fiske 42 750 tonn og vert regulerte med fritt fiske og ein garantert kvote mellom 10 og 94 tonn avhengig av heimelslengd.

Fartøy i opa gruppe kan fiske 7980 tonn sei i 2011 og får fritt fiske innanfor gruppekvoten, med garanterte kvotar på 8 tonn.

Fartøy som fiskar sei med not kan fiske ein maksimalkvote mellom 295 og 1664 tonn. Det er gitt garanterte kvotar mellom 88 og 496 tonn.

Torsketrålarane kan fiske 44 400 tonn av trålkvoten og seitrålarane kan fiske 10 100 tonn etter at det er avsett 1000 tonn til å dekkje bifangst i industritrålfisket.

Trålgruppa er regulert med maksimalkvotar og garanterte kvotar. Fartøy med torsketrålløyve har desse kvotane: Fabrikktrålarar 725 tonn, av det 565 tonn garantert, ferskfisk- og rundfrysetrålarar 549 tonn, av det 428 tonn garantert og småtrålarar 318 tonn, av det 248 tonn garantert. Fartøy med seitrålløyve får maksimalkvotar etter ein stige frå 401 tonn til 1166 tonn og garanterte kvotar frå 282 tonn til 807 tonn.

Les meir
•  Forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2011
 

Stilling ledig