Berg-Hansen: Særs gode kvotar

Det er særs gode kvotar på torsk, sei og hyse nord for 62°N i 2011, seier fiskeriministeren.

– Bestandane av torsk, hyse og sei er svært sterke, og dette skaper grunnlag for lønnsemd og arbeidsplassar for fiskarane og i fiskeindustrien langs kysten, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

– Kvotane til neste år går ytterlegare opp for torsk og hyse, og fiskarane vil sjå det på fartøykvotane vi no har fastsett. Barentshavet er eit rikt spiskammer, og når vi haustar og forvaltar på ein berekraftig måte vil det vere slik også i framtida, seier Berg-Hansen i ei pressemelding.

Norske fartøy kan i 2011 fiske 310 253 tonn torsk, 146 750 tonn hyse og 150 000 tonn sei. Avsetting til bifangst vil bidra til større aktivitet om hausten og sikre at det blir fiska meir hyse og sei.

Les også: Fiske etter torsk, hyse og sei i 2011 22.12.2010

Auke i torskekvotane og fritt fiske på hyse og sei for kystflåten

– Dei fleste kan fiske mykje sei i 2010, og for kystflåten blir det også neste år fritt fiske på hyse og sei med garanterte kvotar. Totalkvoten for sei går litt ned, men vi har ikkje fiska opp kvoten dei siste åra. Sidan dei nasjonane vi byter bort torsk til ikkje har annan fisk å gi tilbake, gir vi inntil vidare 5000 tonn torsk av unytta tredjelandskvote som ein direkte kvoteauke til norske fiskarar. Denne tilbakeføringa kan bli større i løpet av året dersom vidare avtaler om kvotebyte ikkje fører fram, seier fiskeri- og kystministeren.

Meir til dei minste

– Erfaringane frå dei siste åra viser at stadig fleire fartøy, også dei små, fiskar heile kvoten sin. Dette gjer at graden av overregulering må justerast slik at vi ikkje overfiskar kvoten. Samfiskeordninga gjer at kvotane for dei under 11 meter blir litt lågare enn dei ville blitt utan ei samfiskeordning, til gjengjeld er kvotane gitt som garanterte fartøykvotar, fortel Berg-Hansen.

– Samtidig får fartøy over 21 meter ytterlegare auke i fartøykvotane fordi dei ikkje tek del i bifangstordninga. Dette gir rom for å planlegge fisket enda betre neste år. Eg trur det nivået vi har valt for 2011 er rett, og vi har teke omsyn til dei minste fartøya som er spesielt utsette ved dårleg vêr og avhengige av kor god tilgang det er på fisk nær land, seier Berg-Hansen.