Foreslår ny forskrift om lovbrotsgebyr

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår ny forskrift om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt etter havressurslova.

Fiskeri- og kystdepartementet har no sendt på høyring forslag til ny forskrift om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i medhald av havressurslova. 

Forslaget legg til rette for at forvaltninga kan reagere mot lovbrot utan å gå vegen om melding til politiet og straff.

- Bruk av lovbrotsgebyr vil effektivisere sanksjonering av brot på føresegner i eller i medhald av havressurslova. Bruk av lovbrotsgebyr vil vidare kunne redusere bruken av straff, som er ein meir tyngjande reaksjon enn lovbrotsgebyr, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Les meir
•  Høyring - forslag til ny forskrift om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i medhald av havressurslova